Haugen Gardsmat leverer kvalitetsprodukt av sau og gris, og i produktsortimentet deira kan du finne blant anna pinnekjøt, salt kjøt, lammelår, rullepølser, pølser, røykt kjøt og spekeskinke. Spekeskinka deira har også blitt nominert til og vunne NM i spekemat 2018!
Heilt naturleg å drive med sau
Odd Ohnstad og kona Kristine overtok farsgarden Haugen gard i Flåm i 1997. Som veldig mange andre i bygda, dreiv dei med sau og lam. Dei naturgitte ressursane i bygda er heilt ypperleg for at sau og lam skal trives. Der er enorme fjellvidder som høyrer til gardane i bygda, og det er ikkje uvanleg at ein gard har 30.000-40.000 mål i fjellet. Om vinteren er det mykje snø, og derfor held fjellbeitet seg fersk gjennom heile sommaren etter snøen har smelta. Sauene kan beite fra 0 – 1700moh.
I tillegg til sau har dei grisar som går ute. Heile poenget med å ha gris gåande ute, var for å kunne produsere spekeskinke som kunne henge lenge. Spekeskinka heng gjerne i 2 år. «Vanlege» skinker er ikkje egne til å henge så lenge fordi muskelfibrane til desse grisene ikkje er eigna til det. For eit godt utgangspunkt for spekekjøtproduksjon, var det vesentleg at grisane fekk gå ute fritt og ete anna enn kraftfôr for at dei skal bli eldre og større.
«Dette er med på å prege smaken i kjøtet» seier Odd Ohnstad.
Men dei oppdaga raskt at å livnære seg som bonde på ein gjennomsnittleg vestlandsgard var nesten ikkje mogleg, og ekteparet var einige om at her måtte noko gjerast.
Mangla kvalitetsprodukt i daglegvarehandelen
Odd sin familie og slekt har alltid hatt ein ganske omfattande heimeproduksjon. Dei har alltid laga mykje mat og drikke på garden, og han er derfor meir enn gjennomsnittet oppteken av mat og drikke.
«Den kvaliteten som vi og kollegaene våra laga var ikkje tilgjengeleg i daglegvarehandelen før i tida, og vi tenkte at her må det vere ei nisje for oss.»
Haugen Gardsmat var ein av dei første produsentene inne i lokalmatetableringa på slutten av 90-talet. Mange av produsentene av den første lokalmatbølga valgte å ta utgangspunkt i melkerom i kjellaren, og derfor ville Haugen Gardsmat å gå ei anna retning. Odd og Kristine var opptatt av å skape noko som kunne gjere ein forskjell for dei, den vidare generasjonen og samfunnet. Det vart difor bygd nytt produksjonsbygg, 300m2 som stod ferdig i 2001. Utgangspunktet var å skapa rammer for ei drift av ein viss storleik; ei drift med potensiale for meir enn to arbeidsplassar.
Fantastisk samarbeid med Coop Nordvest
«Coop Nordvest har vore med oss og heia heile vegen, sidan første prøveproduksjon!» Seier Odd.
Det byrja med eit produkt som omhandla berekraft: Sognalapskausen. I dette produktet har dei nytta kun råvarer som ikkje egnar seg for butikk på grunn av at det enten ikkje er riktig storleik eller fasong. Istadenfor at det skal bli kasta eller blir til dyrefôr, så skaper dei eit tradisjonsprodukt som gir stor verdi for sluttkunden. Det er ingen hemmelegheit at dette er ei ei utfordring i denne bransjen; å nytte alt, så slike berekraftsatsningar er nødvendig for å kunne tenke annleis.
«Der føler eg at Coop Nordvest står unikt nasjonalt, fordi dei gjer det mogleg for oss å produsere berekraftig og lokalt!» seier Odd Ohnstad.