Garnvik Røkeri

Upload Image...

Lidenskap i ung alder

Dagleg leiar i Garnvik Røkeri, Vidar Garnvik, har hatt nokon hektiske år etter oppstart av bedrifta i 2015. Den prisvinnande røykelaksen har sørga for rask vekst og merksemd rundt den vesle familiebedrifta på Frøya i Trøndelag. 

Vidar er født og oppvaksen på Frøya, og byrja å jobbe i eit lokalt røykeri som 16-åring. “Det var slik det byrja, at eg fekk interesse for vidareforedling og røyking av laks!” seier Vidar. Dette heldt han på med fram til nye eventyr venta i storbyen, Trondheim, nokre år seinare. Han levde livet som bygutt i fleire år, men ga ikkje frå seg livet på Frøya. Der hadde han og familien feriehus i åra 2007-2014, og han heldt fram med å dyrke interessa si for vidareforedling og røyking når han var på Frøya på ferie- og i fritida si. Interessen utvikla seg til å bli ein brennande lidenskap, som fleire kunne sjå. På sin hovudarbeidsplass, Tine Meieri i Trondheim, testa han røykelaksen sin på nokre kollegaer. Dei elska smaken, og meinte han burde satse på dette, då lidenskapen gjenspegla seg både i smak og korleis han prata om tema. 

“Ja, eg ville jo satse før eg blei for gamal!” seier vidar og ler.

Her i frå blei det heilomvending, og dei la i frå seg storbylivet for å gjere draum til verkelegheit på fulltid på Frøya!

Jungeltelegrafen og framsnakk er nokon av hovudkomponentane til korleis ei lita familiebedrift kan lykkast. Ei av dei første kundane deira var ein lokalbutikk på Frøya. Dei var knytt til Coop Nordvest, og slik møtte dei ferskvaresjef på Mega Orkanger, Knut.

Her i frå gjekk det rimeleg raskt i svingane, frå å ha røykeri i garasja, til å få særs god hylleplass på ein av storbutikkane i Coop Nordvest, Coop Mega Orkanger. Dette var ein døropnar til volumsalg. Det er stor etterspørsel på Garnvik sine produkt, og derfor er det viktig for Vidar at produkta er lett tilgjengeleg for kundane. Som lita familiebedrift, er det utfordrande å selge på volum dersom ein kun kan selge sine produkt på messer og stand. Godt samarbeid med Coop Nordvest har gjort dette mogleg for Garnvik, og på denne måten kan dei utvikle seg vidare.

Garnvik sine produkt har blitt kåra til Årets sjømatprodukt i 2015, 2017 og 2018, og i 2019 stakk dei av med NMgull. I slutten av september fekk dei melding om at dei var èin av tre finalistar i Det norske måltid, i klassen Årets sjømat foredlet! Garnvik var ein av 300 bidrag som blei sendt inn til Det norske måltid, og no skal dei konkurrere om å bli kåra til Årets sjømat foredlet! Vi gratulerer så mykje til Garnvik Røkeri! Det skal ikkje stå på kvaliteten i alle fall! 

smaksglede og Garnvik røkeri