Frå tilfeldigheit til trippelgull

Kraftkar-Tingvollost-Smaksglede-Coopnordvest

«Det byrja i 2003, og det var heilt tilfeldig at dei blei ost!» Fortel Kristin Waagen, mjølkebonde og medeigar i Tingvollost.

Kristin er odelsjente, og då ho skulle ta over garden blei ho og familien einige om å at dei ville skape fleire arbeidsplassar på garden. Under idémyldring vurderte dei både frukt og bær, og videreforedling av slakt, men det var ystekurset som mor til Kristin hadde meldt dei på, som avgjorde framtida til Saghaug gard. Ingen av dei kunne noko om ysting frå før av, men ho mor meinte det ville vere interessant. Og så lærte dei mykje av det! 

1 tonn ost i året på 4,5kvm og bronse i NM

Lars Sponheim var landbruksminister på denne tida, og det blei opna for at eigen vidareforedling kom i tillegg til mjølkekvota bøndene leverte til Tine. På denne måten blei det meir tilrettelegging for meirproduksjon innan meieriprodukt. «Det var rette tida å byrje på, og første osten var klar i 2004!» fortel Kirstin. Dei gjorde om eine badet til ysterom, og med tett dialog med Mattilsynet, fekk dei løyve til å byrje med prøveproduksjon her. Slik heldt dei på i 2,5 år, der dei klarte å lage 1 tonn ost i året på 4,5 kvm! «Vi vurderte om vi ville halde fram med dette, og så kom høgdepunktet i 2005: Ein av ostene våra fekk bronse i NM!» Fortel Kristin entusiastisk. Det var på dette tidspunktet dei fekk inspirasjon til å satse vidare. Det resulterte i at dei bygde nytt ysteri i 2006 på 180 kvm – ei lita oppgradering frå badet.

Nye målsettingar for Tingvollost 

Då dei byrja i 2003 var målet deira å bli leiande i Møre og Romsdal innan osteproduksjon. Dette målet nådde dei raskt etter berre tre år, og dei utarbeidde eit nytt. Dei skjønte raskt at det ikkje var den norske osten dei konkurrerte med, men importosten. Det nye målet blei ut i frå dette å produsere handtverksost av internasjonal kvalitet.

«Den beste måten å fortelje om bra ost på for oss var å delta i konkurranser internasjonalt.» 

Her i frå har dei vunne medalje etter medalje: Gullmedalje i første VM dei deltok i, og dei stilte som det einaste norske ysteriet i VM dei fem neste åra. «Vi skjønte at det var dette vi skulle gjere!» I World Cheese Awards i 2016 var dei eit av fire norske ysteri, og dei vann! 

Stolt av å vere bonde i Norge 

«Vi har verdas viktigaste jobb: Vi produserar mat. Eg er stolt av å vere bonde i Norge, der vi har god kvalitet på maten og god dyrevelferd!» Seier Kristin. Ho fortel at ho er veldig open om at besøkande kan kome på Saghaug gard og sjå korleis dyra har det. Døra til kontoret i fjøsen er alltid open, slik at besøkande skal kunne sjå inn til fjøset der dyra bur. Tidene er annleis i dag, uttrykker ho, og viser til at det er altfor få som har eit forhold til gardsdrift, men likevel så mange sterke meiningar om yrket. Derfor er det viktig å formidle at dei skrekkbileta ein ser i media av dyr, ikkje er kvardagen, men unntaka.

Coop Nordvest som viktig støttespelar 

Det har vore ei ufatteleg reise for Tingvollost, og det stoppar ikkje på internasjonalt plan. Heime i Norge er dei beste kundane dei lokale butikkane.

«Coop Nordvest har vore med frå starten av. Olav Jermstad har vore fantastisk å samarbeide med. Han har hatt trua på oss heile vegen,» fortel Kristin.

Du får produkt frå Tingvollost i følgande Coop Nordvest-butikkar:

Bakar Jon

Extra Tingvoll

Extra Sunndalsøra

Extra Surnadal

Coop Marked Bøfjord

Coop Marked Ålvundeid

Coop Mega Storkaia, Kristiansund

Coop Mega Molde

Coop Mega Ulsteinvik

Coop Prix Frei