Frå lakseoppdrett i Canada til sauebonde i Stranda på Sunnmøre

Lokalmat - Coop nordvest - lokale smaker - matkultur - norsk mat - lokal matprodusent - mattradisjoner - kortreist mat - kortreist drikke - miljøvennlig kverdagsmat - mathandverkar - smaksopplevingar

I 1985 blei Råger og Astrid Engeset frå Stranda på Sunnmøre headhunta frå Canada til å hjelpe til med oppstart og produksjon av oppdrettslaks, ikkje langt i frå Vancouver. “Det gjekk veldig fort. Etter 3-4 år hadde vi etablert oss med både hus, slakteri og røykeri.” seier Råger. Der budde dei i 15 år før dei bestemte seg for å reise tilbake til Noreg, og meir spesifisert til Stranda, for å overta Tore-garden på Engeset i Stranda kommune i år 2000. Garden har dei bygd opp dei siste 20 åra for å få det perfekte produksjonskjøkkenet. 

smaksglede-slogenmat

 

“Vi ville skape vår eigen arbeidsplass og produsere sjølv”

All produksjon skjer på garden

“Vi ville skape vår eigen arbeidsplass og produsere sjølv,” fortel Råger. All produksjon skjer på Tore-garden. Med eigenprodusert røykeri og tørkeloft foredlar dei særeigne produkt på garden som til dømes lammerull, fenalår og ulike sortar mør. Dei kjøper også laks frå lokale produsentar og foredlar dei. “Vi fjernar beina, røyker laksen og `slicer` opp filetane, nesten som pålegg.”

Fantastisk beliggenheit for dyra

Beliggenheita er heilt fenomenal til det dei held på med, med beiteområde for sauene frå garden og heilt bort til startpunkt for Slogenfjellet. I dag er dei reine sauebonder med omtrent 350 sauer i året. Tidlegare har dei hatt skotsk høglandsfe, men desse var krevjande og barka opp beitemarka med horna sine, fortel Råger. 

Tre ulike typar sau

Råger uttrykkjer stor kjærleik for yrket som sauebonde. “Dette har vi gjort i heile vårt vaksne liv, kona og eg,” legger han til. I dag har dei tre ulike typar sau: Gamalnorsk spælsau, kvit spælsau og norsk kvit sau. Råger er glad i dyra og seier dei er veldig greie å ha med å gjere! Dei trivst godt med så god beiteplass som dei har. 

“Det har vore ein lang prosess, og vi har gjort alt sjølv. Sakte, men sikkert har Slogen Mat blitt til, og vi er stolte og spente no når vi kan selge produkta våra i fleire Coop Nordvest-butikkar!”

Arbeidsplassar i distrikta

Marknadssjef og ansvarleg for lokalmat i Coop Nordvest, Ronny Sørbotten, er godt nøgd med å ha fått Slogen Mat med på laget:

“Dette er i tråd med vår satsing på lokalmat og drikke, og vi har hatt etterspørsel etter produkta til Slogen Mat i våre butikkar. Det å kunne tilby lokal tradisjonsmat tufta på handverk og tradisjonar er noko vi ønskjer å vere med på å få ut i marknaden. For oss er det viktig å støtte lokale produsentar og auka aktivitet, det gjev grobotn for å skape nye arbeidsplassar ute i distrikta. Det er vi særs glade for.

Dei gode produkta frå Slogen Mat kan du få på følgande Coop Nordvest-butikkar:

Bakar Jon

Coop Marked Batnfjord

Coop Marked Bud

Coop Marked Bådalen

Coop Marked Fiskå

Coop Marked Leikong

Coop Marked Larsnes

Coop Marked Sandsøy

Coop Marked Tornes

Coop Mega Molde

Coop Mega Ulsteinvik

Coop Prix Bud

Coop Prix Farstad

Coop Prix Frei

Coop Prix Hornindal

Coop Prix Selje

Coop Prix Sjøholt

Extra Bruhagen

Extra Digernes

Extra Eide

Extra Elnesvågen

Extra Furene

Extra Kristiansund

Extra Nordfjordeid

Extra Sandane

Extra Stryn

OBS Moa