Frå djupet av Sognefjorden

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

Eksklusivitet og berekraft 

Jan Arne Brekke er vaksen opp i ein familie som har dreve med oppdrett i 50 år. Bestefar til Brekke dreiv med laks og ørret lenge, og byrja med kveite på 80-talet. “Eg har vore med bestefaren min og jobba på oppdrettsanlegga sidan eg var 13 år gamal. Det har blitt ein forferdeleg besettelse!” seier han og ler.

Glitne – “Den glitrande”

Atlantisk kveite tilhøyrer flyndrefamilien. I motsetning til laks, likar ho seg i mørket og i kaldt vatn. Kveita er unik, og det finnast mange myter og historiar om ho. Til dømes har det gjennom historia vore om og gjere å få den største kveita. “Ho kan bli opp til 300kg! Tenk å få ein slik på kroken frå djupet den tida ein berre hadde robåt?!” 

Brekke fortel at dei satsa på kveite fordi dei har trua på at arten er utruleg verdsett i verda. I Norge blir den kalla for gudefisken, og det seier litt. “Og så smakar den utruleg godt!” 

Artikkelen fortsett under filmen

Trivsel og miljø 

Det er Sogn Aqua i Ortnevik som står bak Glitne. I Ortnevik har dei klart å tilpasse miljøet til kveita akkurat slik som ho likar det. Alt blir produsert på land, og det gjer Sogn Aqua særskild. Produksjonen blir utført med omtanke om landområde og miljøet rundt dei i Ortnevik. Bak produksjonen av Glitne kveite, er det fagfolk med kompetanse og lang erfaring med atlantisk kveite. 

Dei bygger anlegget av stein og resirkulerbare materialer. “Det er eit spanande prosjekt der vi forsøker å bytte ut element som betong og glassfiber, slik at fotavtrykket blir redusert, og anlegget kan tilbakeførast når vi er ferdige med dette. Dette prosjektet har vi holdt på med i 10 år,” fortel Brekke.  

Målet deira er å oppdrette mest mogleg på kveita sine eigne premissar, medan dei tenker lokalt og berekraftig. 

Dei pumpar vatnet frå Sognefjorden, der temperaturen er mellom 8-10 grader, og ikkje noko høgare enn dette på sommaren heller. “Kveita lever på 100m og lenger ned i fjorden, og dette må vi etterligne” seier Brekke.  

“Som eit treverk må fisken få tid på seg til å vekse. Dersom ho veks seint, blir det veldig bra. Smaken er mykje betre når kveita får god tid på seg.”

glitne-kveite-smaksglede-coopnordvest-grill-sesong

Coop Nordvest 

I tillegg til å levere den glitrande kveita som eit eksklusivt produkt på dei beste restaurantane både i Norge,  Englang, Danmark og Sverige, men og andre delar av verda, har dei gjennom Coop Nordvest gjort det mogleg for alle å få med seg dette produktet heim. “Det er på sin plass! Det er tøft å kunne tilby Glitne kveite til alle. Det finnast jo mange gode hobbykokkar, og denne kveita er ein spanande fisk å gi seg i kast med som hobbykokk!” seier Brekke. 

Brekke fortel at dei ønskar å nå ut til alle, og i Norge er det fint å kunne halde det lokalt. Glitne kveite er eit produkt med høg kvalitet, der det blir tatt hensyn til å produsere berekraftig. 

“Samarbeidet med Coop Nordvest har vore veldig bra. Vi har ein god dialog, vi får tilbakemeldingar og vi kan snakke direkte med dei, slik at vi får høre kva ståa er” avsluttar Brekke.