“Fra det Danske sprog”

Fårikål er rekna som den mest tradisjonelle norske retten i Norge!  Likevel er det usikkert om fårikål faktisk er av norsk opprinnelse. Det er mykje som tyder på at den er frå Danmark, då ordet “får” ikkje er vanleg å bruke i Norge, kjem det frå mathistorikaren Henry Notaker. Frå kokeboka til Dorothea Bang frå 1835, finnast der ein rett som heiter “Nedlagt Gaas i hvidkaal”, og er ein dansk rett. Dorothea antyder i kokeboka at får eller lam kan nyttast dersom ein ikkje har tilgang på gås. Gås var ei meir sjelden og dyrare vare enn sau på denne tida. 

Oppskrift på fårikål finn du her

Dansk opprinnelse eller ei, fårikål har forblitt namnet på retten, og den har også blitt kåra til Norges nasjonalrett! Ikkje berre èin gong, men to: folkets favoritt stemt av lyttarane på radioprogrammet Nitimen i 1972, og ein gong til då Sylvi Listhaug lyste ut ein nasjonalrettkonkurranse i forbindelse med grunnlovsjubileum i 2014. 

Sjølv om vi ikkje for sikkert kan bekrefte om fårikål er frå reint norsk opphav, har det blitt ein viktig del av norsk mattradisjon. Det er noko å glede seg til når somarferien er over, og ein særs god grunn til å samle heile familien rundt matbordet. Fårikålgryta representerer ein viktig del av norsk matkultur, og det er all ære til dei lokale produsentane som bidrar til at norsk mattradisjon blir teken vare på.

Samle familie og vener rundt fårikålgryta i haust!