Forslag til bålpannemat

bålpanne mat oppskrifter tips matlaging ute konkurranse

Menneske har tent bål sidan tidenes morgon, og det gjer vi framleis.

Rundt eit bål har vi både laga mat, halde varmen og fortalt eventyr og røvarhistoriar. Dette gjer vi den dag i dag, og det gjer bålpanna til eit flott reiskap å ha heime i hagen eller på hytta!  

Og til utveksling av gode røvarhistoriar høyrer det med god mat og drikke! I vår vinterkonkurranse, der ein kunne vinne ei flott bålpanne frå Espegård (konkurransen er avslutta 13.februar), spurde vi følgjarane våra kva dei helst ville laga av mat på denne. Her får ein mykje god inspirasjon, og det er berre fantasien som setter grenser! Er du klar?

På bålpanna vil følgjarane våra steike både sveler, biff og aure. Ikkje samstundes, men til ulike anledningar. Innbakte pølser og pinnebrød med sukker og kanel. Ostesmørbrød, bakt fisk i folie saman med fargerike grønsaker, samt kotelettar av både svin og kje. Indrefilet av sjølvskoten hjort må ein ikkje gløyme, og til dessert kan ein slenge på både vaflar og Marshmallows! Popcorn til kakao og kokekaffi, og banan med smelta sjokolade på.
Nokre vil invitere til fullt kalas og lage ein heidundrande tre-retters med følgande meny: Pinnebrød med bacon til forrett, eigenkomponert pølsebiff til hovudrett og banansplitt. Pølsebiffen var for oss interessant, og den blir laga på følgande måte: Pølser delt på langs fylt med ost, løk og paprika, så surra med bacon. Pølsebiffen blir deretter pakka i folie og grilla på bålpanna. Banana blir også delt på langs og fylt med mjølkesjokolade og pakka i folie. Du verden! 

Blant dei mange gode kjøtforslaga kom det nokre smakfulle og freistande forslag til fisk på bålpanna: Vrengt lyr og elles det nokre kallar for havets skattekiste, som inneberer ein fest av fisk og skaldyr. 

Foto: Bente Semmingen Fivelsdal

Av sjølvskoten hjort kan ein og lage viltgryte og jegergryte (om det er skilnad på desse), og for dei som ikkje et korkje animalske produkt eller fisk, så er ein god urban vegan-burger heilt ypparleg! Alle variantar av snurre-mat, som kanelsnurrar og pizzasnurrar, kan ein også hive på bålpanna.
Til sommaren kan det freiste med maiskolbe med smør og salt på, og skal ein gjere det særs enkelt kan ein omelett gjere susen for den som er på farta. 

Vinnaren av bålpanna vart Idun Ulvestad frå Selje – vi gratulerer og ynskjer lukke til med bålpannekos i vinter!

Moglegheitene for å lage herleg bålpannemat er mange, så det er for deg berre å velje. Mykje anna godt å legge på bålpanna kan du finne i lokalmat-avdelingane i Coop Nordvest sine butikkar – og lokalmatoppskriftene, dei finn du her på våre sider.