Fokus på det norske og lokale

pinnekjøtt-smaksglede-edelgard-coopnordvest

Edelgard frå Vestnes har fleire tiårs erfaring frå kjøtproduksjon, og du kan snart finne dei gode handverksprodukta deira i Coop Nordvest sine butikkar. Produkta frå Edelgard har ei sterk og lokal forankring til område, der råvarene som blir nytta er frå norske gardar. Spektakulær og unik natur gjenspeglar seg i produkta. 

Vi er opptatt av at vi skal ha norske råvarer, og dei skal kome frå så lokalt som mogleg, fortel sals- og marknadsansvarleg Nina Reinseth.  

Ønskar å hjelpe kvardagskokken

Kven er kvardagskokken? 

Det er alle som lagar middag kvar dag, om vi vil eller ei. Heile familien skal ha middag kvar dag, og då gjerne ordentleg mat. Vi løyser tidsproblemet i kvardagen ved å tilby produkt som er ferdig krydra og kokt, som gjer det enkelt for familien å lage fullverdig middag på kort tid, seier Reinseth.

Ikkje berre ønsker dei at lokalmat kan vere kvardagsmat, men det er viktig for dei å nytte alle delar av dyret på ulike måtar. 

Vi har spesialiserte kjøtskjærarar tilsett hos oss. Slik kan vi best mogleg nytte heile dyret. Vi skjærer då stykkene slik vi vil ha dei, og i den kvaliteten vi vil ha dei, fortel Reinseth. 

I tillegg har dei eige røykeri der dei røykjer alt på bøkeflis.

Lokalt og internasjonalt 

Vi er 46 personar som er ansatt i Edelgard, med 10 ulike nasjonalitetar! Vi er open for kunnskap frå andre, vi skaper lokalt med internasjonal inspirasjon. Dei som jobbar her er veldig glad i mat og tek med seg mykje inspirasjon frå eigen kultur, seier ho. 

Juleprodukta til Edelgard

Edelgard sin dampemorr har ei særskild historie bak seg: Den har sitt opphav frå Oadalsbygda i Sunnylvsfjorden, 12 km ut i fjorde frå Hellesylt. Oppskrifta på denne vart funnen innskreven i tømmerveggen på eit gamal stabbur frå omlag år 1872. Reinseth fortel at det er dyktige fagfolk hos Edelgard som har gjenskapt denne oppskrifta med kjøtsamansetting og kryddersmak. Pinnekjøtet deira er produsert lokalt på tradisjonelt vis og det er urøykt.

Pinnekjøt og dampemørr frå Edelgard kan du finne i følgande Coop Nordvest-butikkar: 

Coop Marked Batnfjord 

Coop Marked Vevang

Coop Mega Bekkevoll

Coop Mega Kristiansund 

Coop Mega Molde 

Coop Prix Farstad 

Coop Prix Frei 

Extra Eide

Extra Furene Volda 

Utvalet kan variere frå butikk til butikk.