Ferske Smakar

“Det byrja med eit lite konditori i kjellaren i Gaular”, fortel Anette Hestad Stave, dagleg leiar i Ferske Smakar i Førde.

10 års jubileum

Anette og barndomsveninna, Gudrun Johanne Eikeland, er utdanna konditorar og bakarar. Etter ei læretid på Naustdal dampbakeri og Valaker på Sunnmøre, starta dei konditori i kjellaren til Gudrun Johanne i Gaular i 2011, og her selde dei heimelaga sjokolade, kaker og anna bakst. Folk blei galne etter dei gode bakverka og etterspørselen etter meir blei stor. Dette skapte logistikk-utfordringar i forhold til utleveringar og avtalar i den vesle kjellaren i Gaular. Men så opna det seg opp ei moglegheit i Førde, då det var ledig lokale for kafédrift. Denne tok dei, og dei angra ikkje. No var dei gode smakane lett tilgjengeleg for folk flest gjennom kafeen, midt i Førde sentrum.

Radioinnslag

Ronny Sørbotten var på radio ein dag, der han uttrykte at Coop Nordvest ønska seg fleire lokale produsentar innan bakst. Dette var jo midt i blinken for Anette og Gudrun Johanne, og dei tok kontakt med Ronny. Utan Coop Nordvest hadde dei ikkje vore der dei er i dag, fortel Anette. Samarbeidet er godt, og dei får god rådgjeving og innspel på produktutvikling. Ikkje minst er det flott at fleire kan få tilgang til dei søte og gode produkta i den lokale butikken sin.

Salet blomstra slik at Ferske Smakar voks ut av lokala sine, og enda opp med å måtte bygge nye produksjonslokale på Øyrane Senter, der dei no driv med tradisjonsbakst, catering og kafédrift.

Oldemor Silla si oppskriftsbok

Lidenskapen for sjokolade- og kakebakst er vel ikkje tilfeldigheiter for Anette. Dette ligg i blodet hennar. Du har vel høyrt om Oldemors smurde lefser frå Ferske Smakar? Det er nemleg Anette si oldemor, Silla Adolfia Furnes, si oppskrift, og det er ho som er å sjå på pakken med Oldemors smurde lefser. Tidlegare heitte lefsene Silla lefsa, men dei måtte endre namnet då folk trudde det var “sildelefser”. Men Silla var altså føde namnet til oldemor.

“Oldemor bakte til alle tilstellingar som til dømes konfirmasjonar og selskap. Slik kjenner folk oldemor Silla!” fortel Anette.

Det har hendt at den eldre generasjonen har gjenkjent Silla på produktpakken, og gitt uttrykk for dette til Anette når ho har delt ut smaksprøver i Coop Nordvest sine butikkar.

“Eg kjende ho aldri sjølv, men har kome i snakk med fleire som hugsar ho. Då kjem heile familietreet fram og vi oppdagar at vi har fleire felles kjenningar!” smiler Anette.

Ved sidan av den berømte lefsa, bakar dei kaker til alle anledningar, og no skal dei lansere ein heilt ny sjokolade i Coop Nordvest sine butikkar! Dette er ekte belgisk sjokolade med tre ulike smakar; bringebær, karamell og nougat. Smaken har dei komponert sjølv;

“Folk skal kjenne nytelse når dei tek ein bit av sjokoladen. Eg opplever at eg berre et opp ei “vanleg” sjokoladeplate i butikken, av gamal vane. Med denne vi skal lansere, kan du nyte bit for bit. Du vil ikkje trenge mengda på same måte som med vanleg sjokolade for å bli nøgd.”

Sjå etter produkt frå Ferske Smakar i følgande Coop Nordvest-butikkar:

Extra Førde
Extra Dale
Extra Naustdal
Extra Florø
Extra Sogndal
Extra Lærda
Extra Volda
Coop Mega Førde
Coop Mega Ulsteinvik
Coop Prix Svelgen