Feitetysdag

Signes Raspeball

25. februar er det feitetysdag og bur du på Vestland er det overhengande fare for at det er raspeballar som står på menyen.

Feitetysdag var i gamle dagar den siste dagen før fasta starta på askeonsdag. Tradisjonen tru unna ein seg eit festmåltid på feitetysdag. Sjølv om det er slutt på faste i regi av kyrkja, så lev mattradisjonane knytt til fastetida framleis i beste velgåande – men ikkje berre her i Norge.

40 dagar med faste

Feitetysdag vert markert ulikt frå land til land, men i Norge har ein tradisjonen tru landa på ein noko meir nedtona variant i god, gamal protestantisk stil.

For utanom Ramadan er nok fastinga i eit stadig meir sekulært Noreg meir prega av helsediettar framfor den tradisjonelle fasta. Men heilt fram til 1800-talet var faste noko som vart praktisert fleire stadar i landet – og feitetysdag var den siste dagen før fasta starta. Matskikkane varierer ein del frå region til region. I Trøndelag har til dømes saltkjøtt, flesk og pølser stått på menyen, medan det har vore rømmegraut i Sogn og raspeballar i Sunnfjord. 

Noko av orsaka til dette var at dette var ein glimrande moglegheit til å bruke opp råvarene før ein ga seg ut på den 40 dagar lange fasta. I fasta blei det la vekt på at ein skulle avstå frå mat som ville gje unødige gleder, i mange kulturar betydde dette ikkje noko kjøtt eller meieriprodukt. Raspeballar og graut var med andre ord noko av det første som rauk på Vestlandet. Uavhengig av kva ein hadde på menyen så var hovudregelen at ein ikkje skulle ete kjøt – og fleskemat – og elles vere mest mogleg stille. Det siste fall nokså naturleg for sindige sunnfjordingar.

100 tonn raspeballar for hand

Ei som gjer seg klar for feitetysdag er Signe Nydal i Signes Raspeballar. Sidan 1995 har ho servert heimelaga raspeballar til vestlendingar. Dei siste 20 åra har ho laga over 100 tonn raspeballar for hand. Ho kjenner alle dei regionale føretrekte tilpassingane i dei ulike regionane frå Stavanger til Steinkjer. Dei siste vekene har ho jobba på spreng for å stilne etterspurnaden før feitetysdag.

Vi får tak i Nydal idet ho står på kjøkkenet og lagar middag. Noko overraskande er det raspeballar som står på menyen.

Det er godt gjort at eg gidd å ete raspeballar i dag etter at eg har laga 700 raspeballar som er sendt til Bergen, men eg er så himla glad i det, seier Nydal med eit smil.

Ho seier at for hennar generasjon og dei over 50 år, så er feitetysdag framleis noko ein har eit forhold til. 

Den oppveksande generasjonen veit nok ikkje kva feitetysdag er i dag, men den eldre garde har eit forhold til det. Ein skulle kose seg med eit godt måltid, og då brukte ein gjerne raspeballar eller rømmegraut. Dette er eit minne som sit i meg frå barndommen av, seier ho.

Ein som ikkje har vakse opp med like sterke tradisjonar kring feitetysdag er son hennar, Glenn Nydal Eliassen.

Signes Raspeball
Signes Raspeball

Eg er vel av den generasjonen der det meir eller mindre berre er ein vanleg tysdag, men det er sjølvsagt kjekt at ein held gamle tradisjonar i hevd. Men raspeballar til middag kvar torsdag har vore like sikkert som flo etter fjære, så eg er ikkje heilt utan tradisjonar, seier Eliassen med eit smil.

Han vart tidleg inkludert i drifta etter at far hans vart sjuk og stortrivst i dag med ansvaret han har fått.

Eg har blitt veldig glad i jobben. Då pappa fekk kreft var det ikkje så mange andre som kunne kome inn og ta over, så eg fekk det litt i hendene. Så eg har jobba der sidan 2012 og dette passar meg godt. Eg likar å arbeide og er glad i å knyte nye bekjentskap, fortel Eliassen.

Som han seier sjølv har han meir eller mindre fått raspeballar inn med morsmjølka.

Eg har vakse opp med dette. Då eg var liten sat eg i ei sandkasse utanfor arbeidsplassen til mor mi. Om somrane kom eg og kompisane mine bort på jobben for å få stekte raspeballar etter fotballen. Så det ligg vel i blodet. Eg er vaksen opp med det og kjem vel heller ikkje til å slutte med det første, avsluttar han.

Nokre vel å markere feitetysdag med karneval i Rio eller Mardi-Gras i New Orleans. Men til det vestlandske lynne passar nok Signes raspeballar best – både til kvardags og fest.