Feitetysdag, eitt år seinare

Signes Raspeball

“Hallo ja!” seier ei sprudlande og engasjert Signe Nydal på telefonen. Signe er midt i prising av varer når vi slår på tråden. I veke 6 og 7 er det jo kampanje på Signes raspeball i Coop Nordvest sine butikkar, og det er full fart i produksjonslokala på Hornnes! Seinast i går la Signe ut bilete på Facebook av raspeballproduksjon, der ho skriv at i kuldegrader er dette god mat! 

Det er ingen tvil om at Signe er både lidenskapeleg og flink til det ho held på med, då ein gjennom å scrolle nedover Facebookprofilen hennar kan sjå bilete av produktet hennar delt av kundar, spesialitetsmerke frå Matmerk, og beundringsmeldingar frå kundar som nyter raspeball og heidrar ho for fantastisk innsats heilt sidan 1995.  

Men det er ikkje berre i sosiale media ein ser spor av lidenskapen hennar for raspeball. Når vi spør kva som er særskild med feitetysdag, veit ho ikkje kvar ho skal byrje. 

Gode barndomsminner

“Eg er VELDIG glad i raspeball!” svara ho. Signe fortel om ein minnerik barndom heime på familiegarden Nydal i Holsen.

“Feitetysdag var så viktig for oss når eg vaks opp, at vi nesten skulle hatt fridag denne dagen!” legg ho til.

Feitetysdag bestod av eit festmåltid, laga av mor hennar, med store og saftige raspeballar, kraftig kjøt- og grønsaksgryte som dei åt som suppe attåt, og ordentleg salta og heimelaga svineflesk, ikkje bacon, som dei steikte. Dei hadde også heimelaga surmjølk. Denne dagen skulle ein verkeleg feite seg opp. Signe si skildring av feitetysdag frå barndomen går rett heim, og vi høyrer at dette står ho hjartet nært. Ho er så glad i det ho driv med. Sjølv om Signe lagar mellom 500-800kg på jobb, så elska ho å lage raspeball heime også. “Eg er heilt galen etter dette!” seier ho og ler. 

Signe gir røret til son hennar, Glenn Nydal Eliassen. Han har ikkje dei same tradisjonane rundt feitetysdag som mor si, men eit sterkt forhold til raspeballar har han alltid hatt. Glenn har hatt ansvar for drifta sidan 2012 og er veldig glad i arbeidet.

200 tonn handlaga raspeballar 

Frå artikkelen i fjor blei det sagt at det var laga 100 tonn raspeballar i produksjonslokala totalt. “Då må du nesten doble det talet! Eg har aldri vore med på ein slik haust som i fjor!” seier Glenn. 

Kvar veke tek dei i mot nesten 4-5 tonn poteter. Alt blir gjort for hånd, og det er derfor bånn gass heile dagen i produksjonslokala. Dei er ein flott og internasjonal gjeng med ansatte, som har det kjekt på jobb saman. Før pandemien så var ein vanleg bestilling frå Spesialgrossisten Troye på 200-300kg. No kan den vere mellom 400-600kg! Og det var ikkje umogleg at det kunne kome fleire slike bestillingar i veka. Pandemien har sørga for at folk lagar meir mat heime, og tradisjonsmat, som raspeball, blir endå meir nytta som kvardagsmat enn kun festmåltid, og dette er dei særs glad for.