Feitemat-dagar og fastelavn

raspeball feitemat klubb ball lokalmat oppskrift

Fastelavn, blåmåndag og feitetysdag er alle historiske matdagar. Faste kjem frå kristen tradisjon i Norge frå gamalt av. Å faste betyr “å avstå frå”, og handla om å avstå frå enkelte typer mat og glede i 40 dagar før påskeafta. Dette var for å ha fokus på seg sjølv og dine omgivnadar, og Gud. Vi har gått vekk i frå det religiøse som hensikt i dag. No forbinder ungdomen stort sett fastelavn med søndagskos og kveitebollar med krem og syltetøy. Sjølv om vi har gått vekk i frå det religiøse, er det likevel ein viktig mattradisjon med historisk forankring. 

Fastelavn

Du er kanskje glad i fastelavnsbollar, og veit at det snart er tida for det no? Fastelavnssøndag blei også kalt for fleskesøndag, og det var vanleg å ete kraftig mat som sodd i Trøndelag og salta kjøtt i Sogn og Fjordane før i tida (Kongsvik, Støfringsdal 2008). 

Fastelavnssøndag var den første av dei tre dagane før fastetida tok til. Fastelavnssøndag er etterfulgt av blåmåndag og feitetysdag. Dette var tre dagar med feit mat før ein tok til å faste på oskeonsdag, i 40 dagar, heilt fram til påskeafta. Oppskrift på fastelavnbollar finn du her!

Blåmåndag

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar
Oppskrift: Potetball

For den yngre generasjonen er “blåmåndag” ein dag der helga sine festlegheiter er i fortid, og alt er litt ekstra trist og dystert. Det har stort sett blitt assosiert med noko negativt, men her må vi faktisk markere at blåmåndag, i norsk Kristen tradisjonstru, var ein av dei siste dagane før fasta tok til. Denne dagen skulle ein feite seg opp på restar av både fastelavnsbollar og fleskemåltid, for å førebu seg til oskeonsdag og 40 dagar med fastetid. Det er dette som er opphavet for begrepet “blåmåndag”, og for de som er glad i tradisjonsmat, som til dømes salt kjøt og raspeball, kan fryde dykk over tradisjonsmenyen denne dagen!

Feitetysdag

Lokalmat - Coop nordvest - lokale smaker - matkultur - norsk mat - lokal matprodusent - mattradisjoner - kortreist mat - kortreist drikke - miljøvennlig kverdagsmat - mathandverkar - smaksopplevingar
Oppskrift: Rømmegraut

Den siste dagen før fasta heiter feitetysdag, og ein kan vel tenkje seg til kva som står på menyen for denne dagen, ut i frå namnet. “Ungdomen” i dag har ikkje eit sterkt forhold til denne tradisjonsrike dagen, men ein skal ikkje så langt tilbake i generasjonar før ein treff nokon som har dei beste barndomsminna frå denne dagen. Feitetysdag var også ein dag der ein måtte ete seg ut av hus, før fasta tok til. Matskikkane varierer frå region til region. I Sunnfjord åt ein raspeball med salt kjøt og i Nordfjord åt ein rømmegraut. I Trøndelag var det vanleg med salt kjøt, flesk og pølser. 

I Coop Nordvest sine lokalmatavdelingar kan du finne mykje godt til feitematdagane. I veke 8 og 9, 2022, kan du få utvalgte produkt på kampanje.