Tingvollost held til på Nordmøre, og dei produserer kvalitetsost på internasjonalt nivå. Ostetypane deira har fått fleire utmerkingar, som til dømes blåmuggost Kraftkar, som har blitt kåra til både verdens beste ost og den beste osten gjennom tidene. 

“Det byrja med ei tilfeldigheit, då mamma meldte oss på ystekurs. Vi kunne ingenting frå før av, men vi lærte utruleg mykje” fortel Kristin, mjølkebonde og medeigar. Saman med foreldra sine starta dei Tingvollost i 2003. Allereie i 2006 fekk dei sin første utmerking: Bronse i NM. 

ost-høst-smakglede-coopnordvest