Svanøy, sunnfjords perle, som ho også på kalt, er den sørlegaste øya i Kinn kommune. Her blir det produsert unik røykelaks av god kvalitet, kun med lokale ressursar. Det blir nytta friske einer frå skogen utanfor produksjonslokala, og spon og flis til røyking hentar dei med det lokale båtbyggeriet.
Det som kjenneteiknar Svanøy laks er dei ulike smakane dei er å finne i. På øya er dei takksame for at dei får eksperimentere med smak. “Dette er noko som kunden set pris på, og som dei hugsar igjen med produktet”, seier Gro Sveen.