Far til Runar har vore i pølsemakarfaget sidan 1975, men året skulle bli 2003 før han byrja for seg sjølv. Han byrja åleine, men det gjekk ikkje lang tid før han måtte ansette fleire. Runar har arbeidd på Bønes gard sidan han var 13 år gamal. Han elskar å lage mat, og ønska eigentleg å bli kokk, men han fann fort ut at han brente meir for å vidareføre familiebedrifta. 

I produktsortimentet deira kan du finne heimelaga og kjøttfyldige pølser, pålegg, spekemat, julemat og anna kjøttprodukt. Oppskriftene har far til Runar laga sjølv, og er inspirert av kundane. 

“Kundane er veldig viktig, og vi er opptatt av å lage noko som folk vil ha. Vi får gode tilbakemeldingar, og er stolt av dette. Kundane er det viktigaste!”