Balholm er ei familiebedrift som har foredla eple i Sogn i 25 år. Dei har eit stort vareutvalg med mange ulike typar fruktbaserte drikkar, med rein eplemost og eplemost med forskjellig bærsortar. Dei er i dag mest kjend for sine friske kolsyreholdige tørstedrikkar, og så har dei heile 14 typar cider.

“Bestefar min tok meg ofte med ut i frukthagen sin, og eg kan framleis hugse lukta av gravensteineple. I dag er eg sjølv bestefar, og det er særs viktig for meg å vidareformidle desse minnene vidare til mine borneborn.”

For Åge er det meiningsfylt å kunne bu i Sogn og vidareforedle ei råvare som har vore dyrka der sidan 1100-talet. Eple er Norges desidert eldste frukt, og det å bere vidare, og vere ein del av, ein særs gamal tradisjon er både viktig og meiningsfullt for han.