Fastelavn og fastetid

Dei aller fleste har ei sterk tilknytning til norsk tradisjonsmat. Ingenting er som smaken du vokste opp med, og smaken som minner om gode stunder med familien. Lukta av pinnekjøtt som vekker varme kjensler assosiert med jul, bestemor sine raspeballar på torsdagar, sodd i søskenbarnet sin konfirmasjon, eller lutefisk som skaper diskusjonar og debattar rundt julebordet. Det er ingen tvil om den sterke forankringa smaken av tradisjonsmat kan ha på eit enkelt menneske. Like sikkert som at sola går ned i vest, er tradisjonsmat tufta på lokale historiar frå ulike regionar og område i landet. Den neste høgtida som skal feirast er påske, men før palmesøndag inntreffer, skal vi innom ein gamal tradisjon: Fastetida.

Faste kjem frå kristen tradisjon i Norge frå gamalt av. Å faste betyr “å avstå frå”, og handla om å avstå frå enkelte typer mat og glede i 40 dagar før påskeafta. Dette var for å ha fokus på seg sjølv og dine omgivnadar, og Gud.

Fastelavnsøndag

Du er kanskje glad i fastelavnsbollar, og veit at det snart er tida for det no? Fastelavnssøndag blei også kalt for fleskesøndag, og det var vanleg å ete kraftig mat som sodd i Trøndelag og salta kjøtt i Sogn og Fjordane før i tida (Kongsvik, Støfringsdal 2008). 

Fastelavnssøndag var den første av dei tre dagane før fastetida tok til. Fastelavnssøndag er etterfulgt av blåmåndag og feitetysdag. Dette var tre dagar med feit mat før ein tok til å faste på oskeonsdag, i 40 dagar, heilt fram til påskeafta.

Raspekaker-Smaksglede-CoopNordvest

Blåmåndag

For den yngre generasjonen er “blåmåndag” ein dag der helga sine festlegheiter er i fortid, og alt er litt ekstra trist og dystert. Det har stort sett blitt assosiert med noko negativt, men her må vi faktisk markere at blåmåndag, i norsk Kristen tradisjonstru, var ein av dei siste dagane før fasta tok til. Denne dagen skulle ein feite seg opp på restar av både fastelavnsbollar og fleskemåltid, for å førebu seg til oskeonsdag og 40 dagar med fastetid. Det er dette som er opphavet for begrepet “blåmåndag”, og for de som er glad i tradisjonsmat, som til dømes salt kjøt og raspeball, kan fryde dykk over tradisjonsmenyen denne dagen!

Feitetysdag

Den siste dagen før fasta heiter feitetysdag, og ein kan vel tenkje seg til kva som står på menyen for denne dagen, ut i frå namnet. “Ungdomen” i dag har ikkje eit sterkt forhold til denne tradisjonsrike dagen, men ein skal ikkje så langt tilbake i generasjonar før ein treff nokon som har dei beste barndomsminna frå denne dagen. Feitetysdag var også ein dag der ein måtte ete seg ut av hus, før fasta tok til. Matskikkane varierer frå region til region. I Sunnfjord åt ein raspeball med salt kjøt og i Nordfjord åt ein rømmegraut. I Trøndelag var det vanleg med salt kjøt, flesk og pølser. 

Sjå etter det du treng til fastelavn i Coop Nordvest sine butikkar!