Er du glad i bacalao?

For nordmenn byrja bacalaotradisjonen så tidleg som på 1700-talet, då dei blei introdusert for retten av spanske sjølfolk som kom til Kristiansund for å kjøpe klippfisk.

I 2020 er Volda Fiskemat klar for å lansere raud og kvit bacalao i Coop Nordvest sine butikkar.  Det byrja med eit spesialoppdrag frå ein kunde som ønska seg raud bacalao. 

Dei oppdaga raskt ut at produktet passa drifta deira godt. Både produksjonsprosessen og fleksible produksjonskvalitetar harmonerte. For dei tilsette var det både spennande og interessant med nye lukter og smakar, og den nye produksjonen trigga både matlyst og inspirerte på arbeidsplassen!

“For oss var det kjekt å gjere noko nytt. Vi hadde ikkje basiskunnskap om bacalao, men mykje kompetanse om fisk og produksjon, så vi hadde stort tru på å lykkast! Det er bra å kunne utfordre seg.” fortel Hege, dagleg leiar i Volda Fiskemat.  

Alle dei tilsette i Volda Fiskemat har lagt sjel og mykje arbeid i framstilling av bacalao, og resultatet er eineståande! Då dei også kom fram til ein kvit bacalao med godt resultat, bestemte dei seg for å lansere produkta under eige merkenamn. Gode tilbakemeldingar førte til at dette blei eit satstningsområde for Volda Fiskemat.

“Vi er særs glade for at våre to variantar no er tilgjengeleg i Coop Nordvest sine butikkar.”

Sunne og gode middagsalternativ

Bacalao frå Volda Fiskemat er av norsk opprinnelse. Volda Fiskemat er éin av få som nyttar Atlanterhavstorsk, Gadus Morhua, i produksjon av bacalao. Dette er ein kvalitetstorsk, og i norsk samanheng er det den viktigaste matfisken av torskefamilien. Ikkje nok med det, så nyttar dei heile fisken, med smakfulle bitar av loins

I dag er alle travelt opptatt med å rekke alle møter og aktivitetar, utanom arbeid og skule. Dette medfører raske måltid, men eit måltid kan ikkje bestå av berre tomme kaloriar. Det skal vere sunt, slik at du kan ta vare på helsa og yte maksimalt i kvardagen. Derfor har dei lagt vekt på at bacalaoen skal vere næringsrik. Utan å tilsette noko, er dette ein fullverdig middag, sunn og god, og berre å varme opp! 

Raud og kvit bacalao er så enkelt å tilberede, og ho kan serverast både til fest og kvardag. Du kan varme den opp og ete silk som den er, eller ha godt med grønsaker attåt, salat og brød. Du kan finne fleire tips på Smaksglede sine oppskrifter.