Ekte fiskeentusiast

smaksglede-hillersøy-fisk-coopnordvest

– Å trekke ein torsk eller steike ein lyrfilet tar halvparten av tida enn å steike ein frosen pizza! seier fiskeskipper Jostein Hillersøy. 

Sidan vi prata med han i 2017 har det skjedd mykje hos Hillersøy. Etter eit langt samarbeid med Krifo fisk i fleire år, har Hillersøy no gått inn med eigarskap i fiskebedrifta på Trøndelagskysten. Dei kan difor freiste med fleire nye og handlaga fiskeprodukt som til dømes fiskekaker, fiskegrateng, kveite, lyr og røykt torsk. Råvarene til desse produkta er fiska av sjarkfiskarar på Helgelandskysten. 

– Vi leverte sei til Krifo fisk for nokre år sidan. I løpet av dette samarbeidet blei eg godt kjend med Jon som driv firmaet, og her var vi så heldig å få smake på produkta deira som vi fekk ombord i båten. Produkta er av beste kvalitet og ikkje noko ein kunne få i butikkane på den tida, fortel Jostein. 
– Eg ville hjelpe Jon med å få desse handlaga kvalitetsprodukta deira inn i Coop Nordvest sine butikkar, slik at Krifo fisk kunne halde fram med drifta si på Fosen. Lokalsamfunnet her består av nokre få hus, og så dette fiskemottaket som hadde opp til 20 ansatte avhengig av sesong. Det er viktig å ta vare på lokalsamfunna, og ikkje minst var det viktig for meg at sjarkane hadde ein plass å levere fisken sin til. Neste fiskemottak er enten Rørvik eller Kristiansund – fleire timar å reise for dei, fortel han. 
 
(Artikkel held fram under biletet)

Kampanjen gjeld t.o.m. 06.02.22.

smaksglede-hillersøy-fisk-coopnordvest

Fleire må ete meir fisk!

Jostein er oppteken av å bevare lokalsamfunna, og han snakkar varmt om Coop Nordvest si lokalmatsatsing: 

– Coop Nordvest er med på å hjelpe og støtte eit lokalsamfunn gjennom sitt arbeid med lokalmat, og no kan til dømes vi og Krifo fisk levere i eit mykje større kvantum enn tidlegare. Coop Nordvest gjer ein kjempejobb med å bevare arbeidsplassane lokalt og dermed bevare lokalsamfunnet, seier han. 

Kjærleiken for fisk er ikkje vanskeleg å sjå hos Jostein. Kvar byrja denne lidenskapen?

– Eg er født og oppvaksen på Bulandet, og då har du ikkje så mykje val. Enten flyttar du vekk frå Bulandet eller så blir du fiskar! ler han. 
– Eg var litt sein å bestemme meg, for eg spelte fotball i nokre år, men så fann eg ut at eg ville bli fiskar, drive med fiskebåt og skaffe mat til folket. Denne lidenskapen har eg hatt heile livet, men det er dei siste 10 åra eg har hatt lidenskap for at folk skal ete meir fisk! 

Han fortel om ungdomar han ser på butikken som handlar opp til åtte pakkar med frosen pizza. 

– Tenk om dei hadde hatt med seg frosne fiskefiletar istadenfor! 

Men blant dei mindre borna var det anna stemning: 

– Eg har hatt demo i barnehagar. Det var litt grining på nasa når det var snakk om fiskemiddag, men eg laga taco med sei til dei denne dagen. Ungane var med å laga maten. Av 28 barn var det 2 av dei som ikkje ville smake. Alle som smakte var veldig nøgd, og då kom dei to siste bort til meg på slutten av dagen og spurte om dei ikkje kunne få med seg heim. Det viser litt at det er oss foreldre som må ta ansvaret. Tilberedinga av fisk har alt å seie. Mine eigne barn er flinkare å ete fisk no når dei får ordentleg kvalitet. 

Fisk og klima

Jostein fortel om kor viktig fiskemåltid er for miljøet. 

– Ingenting er meir klimavenleg enn å hente villfisk som er født i havet. Vi hausta den når den har passe storleik, og på denne måten er det nesten ingen klimaavtrykk. 
– Det er ikkje nokon enkel jobb for oss som produserer lokalt når vi ikkje har ein stor aktør som Coop Nordvest til å hjelpe oss ut i butikkane. Folk byrjar å bli flinkare å ete og støtte lokal matproduksjon, men det burde vere eit mål for fleire. Fiskarar fiskar lokalt titusenvis av tonn med fisk, og desse går til heile verda. Kvifor ikkje nytte det meir her til lands? 
 
Hillersøy sine fiskeprodukt er å få kjøpt i Coop Nordvest sine butikkar. Fram til 06.02.22 kan du få fiskeprodukta på kampanje. Med atterhald om feil og utselde varer. 
 
Gode fiskeoppskrifter finn du i vår store samling av lokalmatoppskrifter.