Eksklusivitet for alle

smaksglede arne brimi spiis

Coop Nordvest sørger for at dei norske mattradisjonane vert ivaretatt gjennom å tilby produkt som er produsert av lokale produsentar. I tråd med Coop Nordvest sine oppgåver om å sørge for at kundane skal få dekka sine behov for daglegvarer, har dei også eit stort utvalg av kjøkkenredskap i god kvalitet. Kjøkkenutstyr er vesentleg for å kunne tilberede gode måltider av lokale råvarer, og med god kvalitet og flott utsjånad, er det også veldig enkelt å hygge seg med matlaginga.

Tone Elin Løkke er kategorisjef i Coop og har vore ansvarleg for utviklinga av SPiiS-serien. Ho fortel at leiestjerna for SPiiS er kjøkkenutstyr i god kvalitet til lavare prisar. Serien inneheld alt i frå kjøkkenhåndkle til gryter og elektriske artiklar. 

Tone Elin ønska å gjere kjøkkenutstyr både eksklusivt og folkevenleg. Begrep som “gourmet” og “gastronomi” er ikkje kvardagsspråk for dei aller fleste, og det blei derfor utvikla ein kjøkkenserie basert på at ein kan nytte det på ditt kjøkken heime, fortel Tone. Kjøkkenutstyret skal vere av god kvalitet, sjå flott ut, og brukaren skal tenke: “Jøss, her har eg fått noko veldig bra som ikkje kostar meg armar og bein!”

Arne Brimi er ein viktig samarbeidspartnar og ambassadør for Coop og SPiiS, og han anbefalar produkta. 

“Kva skal barnet heite?”

Namnet “SPiiS” er eigenprodusert. Dei gjekk ut og spurte både Coop- og ikkje-Coop-kundar om kva namn som ville ha vore passande til denne produktserien. “Norsk”, “enkelt”, “ikkje jålete”, var nokre av tilbakemeldingane dei fekk. Dei kom fram til SPiiS. Måten det er skreve på, og måten logoen er forma på, gir dei mykje kreativ friheit når ein skal tilpasse kommunikasjon og målgruppe.

Ein leiken logo gjer det enkelt å endre på ho til ulike anledningar.

Full kontroll på produksjon og fabrikkar

Dersom ein kunde har reagert på eit produkt, stoppar vi produksjon med ein gong. Vi tar kvalitetsbrist særs alvorleg, og ingen produsentar av SPiiS får lov til å jukse på kvaliteten. Vi har full kontroll på produksjon og fabrikkar. Tone reiser personleg rundt til fabrikkane jevnleg, for å forsikre seg om at all produksjon blir gjort riktig og at HMS-tiltak, som til dømes rømningsvegar, for arbeidarane er på plass. 

Det gode kjøkken – fokus på berekraft og ergonomi 

“Vi ser heile tida på korleis vi kan gjere produksjon meir berekraftig,” seier Tone.

Dei er også opptatt av å gi kundane moglegheit til å velje. Dei kan til dømes få matbokser og matoppbevaringsbokser, både i glass og stål.

Alle leverandørar på SPiiS må rapportere forbruk av plast under produksjon. Det er vanleg å anvende plast i transport av produkta, slik at dei ikkje blir skadd under reisa, men dette er noko dei prøvar å finne ei betre løysing på. Per i dag nyttar dei ikkje firkanta esker som emballasje til kvart produkt, men ein “sleave” som legg seg heilt inntil produktet og unngår “holrom”. På denne måten blir det meir plass i ein kontainer, og ein unngår å transportere så mykje luft.

Produkta er også lett anvendeleg og det følger med tips til korleis ta vare på og reingjere produktet best mogleg. 

Sosiale media – ein viktig kommunikasjonskanal 

SPiiS har eigen Instagram som er verdt å følge. Her får du tips til både matpakke og middag!

Arne Brimi, som ein viktig ambassadør for Coop Nordvest og SPiiS, er dønn ærleg og gir beskjed dersom noko er av mindre standard. Dette er Tone særs takknemleg for, og tar til seg tilbakemeldingane for å betre produktet. “På denne måten veit vi at produkta frå SPiiS er av beste kvalitet, og noko som forbrukarane vil vere nøgd med!”  

Produkt frå SPiiS kan du handle i fleire av Coop Nordvest sine Extra- og OBS butikkar.