Ein draum om å lage verdas beste røykelaks

Gro Sveen, dagleg leiar i Svanøy Røykeri, uttalar seg om kor viktig det var for dei å sjølv kunne vidareforedle laksen som blei produsert på Svanøy. “Norsk laks blir i dag stort sett eksportert og vidareforedla i utlandet.” 

Svanøy, den sørlegaste øya i Kinn kommune, har ei historie som går heilt tilbake til middelalderen. Svanøy har dreve med næringsvirksomheit gjennom fleire 100 år, og var blant dei første i Norge til å byrje med lakseoppdrett på 1970-talet. Svanøy stiftelse blei oppretta, med eit formål om å skape meir aktivitet og arbeidsplassar på øya. Svanøy stiftelse og Marø havbruk var blant viktige aktørar i oppstarten av Svanøy Røykeri. “Det var ikkje enkelt å halde ei bedrift gåande med store ambisjonar. Det krevde mykje arbeid og stadig meir pengar, så i ei periode var nesten heile Svanøy medeigarar i bedrifta for at det skulle gå rundt.” Tida gjekk, og ein hadde stor tru på produktet. Løysinga vart at Marø Havbruk eigedom kjøpte ut alle dei andre aksjonærane, og Svanøy Røykeri blei ein del av familiebedrifta i 2005.

Gro og sambuaren budde i Oslo og ønska å flytte heim då dei fekk sitt første barn. Ho fortel at det ikkje var lagt nokon plan, men at dei budde på Svanøy i permisjonstida, og hjalp til litt i bedrifta då det var travelt. Det endte med at ho blei verande i bedrifta! “Det er mykje arbeid, og nokon gongar mykje frustrasjon, men eg trivast særs godt i jobben! Det er ein fin kombinasjon mellom praktisk arbeid og administrativt, og dette passar meg godt.”  

Produksjon på “gamlemåten”

Produktet er særskilt då sjølve produksjonen er unik i seg sjølv. Svanøy laks er eit håndverksprodukt, der dei gjer alt på “gamlemåten”: Fisken blir tørrsalta, med ei blanding av salt og sukker, og slik står den i 1,5 døgn. Deretter blir fisken spylt og tørka i 1-2 døgn før røyking. Alt som blir brukt til produksjon får dei på øya. Dei plukkar friske einer i skogen, og dei hentar spon og flis på båtbryggeriet, frå tre hogd på Svanøy. Fisken blir røykt gjennom natta, og så står den og tørkar alt i frå 3-7 dagar til den blir pakka. Heile prosessen tek frå minimum ei veke og opp til 10 dagar. Dette kjem heilt an på laksen, og dette ser dei an.

Det viktigaste er at laksen får tid til å modne og tørke, før den er perfekt.”.

Det er mange faktorar ein ikkje kan kontrollere som spelar inn i prosessen, og tålmod er derfor vesentleg. “Vi er glad for at vi har anledning til å vente til laksen er perfekt. Det trur vi ikkje er mogleg i ein større industri.” legger ho til. 

Svanøy laks kjem i mange ulike smakar. Dei er glade for å ha moglegheita til å eksperimentere med smak. Det er kjekt, og noko som kundane hugsar igjen i produktet. “Dette får vi tilbakemelding på av kundane. Dei som ikkje har vore så glad i røykelaks er glad i dei ulike smakane.”  

Samarbeid med Coop Nordvest 

Bestemor stod på Bondens Marknad i Førde då ferskvaresjefen på Domus blei merksemd på Svanøy laks. Slik byrja Svanøy laks sin ferd inn i butikkane. Tidlegare var det vanskeleg for dei små og lokale produsentane å få hylleplass i butikken. Coop var tidleg ute med å satse på Lokal Mat. 

“Vi er takksame i dag for at Coop Nordvest har hjelpt oss med å kome fram og vere tilgjengeleg for alle. Det er sjølvsagt høge krav til kvalitet. Har du først kome inn i butikkane, krevjer det at vi leverar, men vi har ein god dialog, vi og kan spørje dei dersom ein lurar på noko. Coop har gjort ein god jobb for oss og kanskje vist dei andre daglegvarebutikkane verdien av å satse på lokalmat”

Gro Sveen

Den unike smaken av Svanøy laks kan du få på følgande Coop Nordvest-butikkar: 

Bakar Jon

Extra Florø
Extra Førde

Extra Førdegården

Extra Kaupanger

Extra Naustdal

Extra Nordfjordeid

Extra Sandane

Extra Sogndal

Extra Stryn

Extra Øvre Årdal

Marked Skei

Mega Førde

Mega Ulsteinvik

Extra Dale