Dolmøy House of Seafood

Europas mest teknologiske sildefabrikk

For å kome til røtene til Dolmøy House of Seafood må vi heilt tilbake til midten av 1900-talet. Sivertsen dreiv det som då var Europas mest teknologiske sildefabrikk tidleg på 80-talet. Dei tok i mot ganske store sildebåtar og sendte tunge last med sild til Danmark. Dei holdt på med sild ei god stund før dei gjekk over til vanleg fiske- og kamskjellmottak. 

“Kyst utan kystfiskarar er ein fattig kyst”

I dag er det Hallgeir Bremnes som eier fiskefabrikken. Han starta opp igjen Dolmøy Seafood, og driv det saman med dattera, Tuva, som er ansvarleg for produksjon. Tuva jobbar tett med Magdalena som har meir enn 20 års erfaring i bedrifta. Saman er dei eit godt team. Tonje Blomli har nyleg blitt salgssjef for bedrifta, etter å ha jobba med salg for Mersalg AS i fleire år. Dolmøy seafood, som alle sørger for den beste kvaliteten i produksjon og sluttprodukt. 

Far til Hallgeir Bremnes var fiskar, og Hallgeir har vokst opp med og holdt på med fisk heile livet. I 2013 kjøpte han opp fiskemottak og fiskefabrikk på Hitra og Dolmøy House of Seafood blei født. Det starta med at rederiet til Hallgeir hadde behov for havn og fasilitetar. Det var jo mykje bra i lokalet, og Hallgeir bestemte seg for å halde fram med fiskemottaket. Han kombinerte fisk og rederi. “Kyst utan kystfiskarer er ein fattig kyst”, seier Hallgeir. 

Handlaga mat av kjærleik.

Dolmøy House of Seafood

Hallgeir kjøpte konkursboet til Hitra laks like etterpå. Dette gjorde han då han meinte at laks ga ein fin synergieffekt til Dolmøy, samt utvida produktsortiment. Tidlegare ansatte ved Hitra laks blei med på Dolmøy-laget, og saman finslipte dei på oppskriftene. Dei har ikkje funne opp hjulet på nytt, men oppskriftene har sterk fokus i produksjonstradisjon og røtter med moderne preg. Med beste kvalitet som premissleverandør. 

Råvarene er nøye utvalgt. Dei er sjølvsagt lokale og er avhengig av årstider. Dette påverkar blant anna røyking av laksen, og det blir naturlege forskjeller på smakane av den grunn. Heile tida jobbar dei med å optimalisere kvaliteten på sluttproduktet. Både samarbeidet med Coop Nordvest og tre NM gullmedaljar i Norges beste røkt og gravet laks og ørret kan bevise at produkta er av beste kvalitet.  

Samarbeid med Coop Nordvest

På bakgrunn av særs lite reklamasjon og derav god kvalitet på produktet vart Dolmøy godt tatt i mot av Coop Nordvest. Dette samarbeidet har vore veldig bra, særleg i desse koronatider, og det har blitt ein ny måte å tenke bedrift på.

“Kjøpmennene har kasta seg rundt, og sørga for at ballen har rulla. Dei ser oss som leverandør, og dette sørger for eit godt samarbeid samt mykje mindre matsvinn. Vi er små leverandørar, og Coop Nordvest løfter oss opp gjennom å bidra til betre omsetning og produktutvikling, med auka fokus på både bearbeiding og automatisering. Ved å ha ein god dialog, og ikkje minst eit effektivt samspel, vil vi bli meir leveringsdyktige – og dermed meir konkurransedyktige.” fortel Hallgeir.

Kvalitet og smak er forskjellig frå ulike kundegrupper: Nokon likar salt, nokon likar tørt og nokon likar sashimi-tekstur.  No har Dolmøy berre vore i Coop Nordvest sine butikkar i tre månadar, og har allereie fått gode og konstruktive tilbakemeldingar frå sluttbrukaren.

 “Vi synast det er flott at kundar tar kontakt, på godt og vondt. Utan tilbakemeldingar kan vi ikkje bli betre. Vi skal strekke oss til high premium kvalitet heile tida! Dette er vårt mantra. Her er det ingen fryste råvarer!” seier Hallgeir og ler.

I veke 39 og 40 kan du vere så heldig å få produkta frå Dolmøy på tilbod. Tilbodet gjeld utvalgte Coop Nordvestbutikkar.