Dei herlege pannekakene

pannekake oppskrift pannekakeoppskrift med bacon klassisk

Visste du at pannekake er ein av dei mest populære rettane i verda, og at du finn dei i alle moglege variantar i ulike land?

Lag på lag med amerikanske pannekaker dekt av lønnesirup, kinesiske pannekaker til Peking-and, russiske blinis, franske crêpe med Nutella og bær, og sjølvsagt den gode gamle norske pannekaka med bacon, sukker og blåbærsyltetøy. 

Feitetysdag er også den internasjonale pannekakedagen. Ein får nostalgiske assosiasjonar av pannekaker, frå god barndom med mett mage og feittete fingrar, samt det spanande eventyret om Pannekaka som alle ville ete.

Alle barn er glad i pannekaker. Er det fordi den kanskje minner om dessert? “Ho mor sine pannekaker” står hjartet nært når ein tenkjer på gleda over pannekakelukta som sveva i huset når ein var liten. Den første pannekaka blir alltid litt rar og den siste blir alltid litt for tjukk fordi svolten blir for sterk og ein for utålmodig etter all steikinga. Pannekaker smakar utruleg godt, og du kan velje nett det tilbehøyret du ønsker! 

pannekaker oppskrift pæregele ostegården chili pære syltetøy gele lokalmat
pannekake oppskrift syltetøy påldtun lokalmat coop oppskrifter

Pannekakerøra kan ein ta med på tur og steike på stormkjøkken ute i naturen. Kanskje tar ein med lokale pølser som tilbehøyr også? Sjølv om ein gjerne er mett, eller manglar matlyst, har ein likevel litt lyst på pannekaker likevel. Det smakar alltid godt! Ein kan til og med feire ei hending med pannekaker og skeie ut med is og sjokoladesaus som tilbehøyr! Men kva er eigentleg pannekaka mest eigna som? Er det frukost, lunsj, middag eller kvelds? Ein kan ete pannekaker til alle døgnets tider, ute og heime, i godt lag eller åleine. 

Kva likar du best å nytte som tilbehøyr til pannekaker? Vi kan kome med mange gode tips! Prøv til dømes pannekaker med blåmuggost frå Tingvollost saman med spekepølse frå Ringdal og honning på toppen. Ringdal har mykje godt bacon, og Påldtun, Stolte Anton, Ostegården og Romstad Gård kan freiste med frisk gelé og syltetøy på! Pannekakerøra kan vere fin eller grov, og den kan innehalde havregryn og banan. 

Sjå etter godt tilbehøyr frå lokale produsentar i Coop Nordvest sine butikkar, og oppskrift på pannekaker finn du her.