Eit heilt arbeidsår er snart gått. Har du som leiar av di bedrift tenkt på julegåve til dine ansatte?
Vis at du set pris på dine ansatte
Kvifor skal bedrifta gi julegåver til dei ansatte? Ikkje berre vil den ansatte bli glad for ei ekstra gåve å legge under juletreet i år, men vedkomande vil kanskje kjenne at han eller ho blir sett pris på. I ei bedrift samarbeider menneska mot dei same måla. Ei gjennomtenkt julegåve til ein tilsett tyder at ledelsen er nøgd med arbeidet som er gjort dette året.
Lokalmat er gull som gåve
Gi lokal mat og drikke i bedriftsjulegåve! Sett saman ei gåvepakke med marmelade, havrekjeks, saft, kjeks, sjokolade, syltetøy, godt pålegg med meir. Lokalmatavdelingane i Coop Nordvest sine butikkar har mange gode julegåvetips.