På Påldtun gard i Nordfjord lagar dei heimelaga syltetøy og saft av reine frukt og bær, utan kunstig tilsetjing. Veronica Hauge vaks opp i same huset som besteforeldra sine på Pådtun gard, og sidan barndomen er ho vand med at dei hausta frukt, saftar og sylter desse. «Besta hadde syltekott i kjellaren. Her var det mykje hermetisk og sylta frukt. I dag kallar ein det vel gjerne kjøl eller spisskammer, men vi held sterkt på namnet ´syltekott´ endå!» seier Veronica. Ho fortel om ein minnerik barndom med gode og heimelaga smakar.
«Vi har aldri kjøpt ferdigsaft. Vi hadde heimelaga saft heile året, og heimelaga hermetisk frukt til søndagsmiddagen» fortel ho. Dette er bakgrunnen for slagordet: Barndomsminner på flasker og glas.
(Artikkel held fram under bilete)
«.. her i frå berre balla det på seg!»
Veronica er odelsjente, men også utdanna vernepleiar med videreutdanning i psykisk helse. Dette har ho jobba med vedsidan av å bygge opp Påldtun frukt og bær. Det var aldri interessant for Veronica å drive med dyredrift på garden, og heller var det ikkje tilrettelagt for dette der. Ho var med i eit prosjekt gjennom kommunen der dei skulle formidle informasjon om garden deira, kombinert med frukt og bær-innhausting og det at ein kan lage saft og syltetøy av dette. På same tid hadde Kari Støfringsdal eit kurs på Sandane i forbindelse med Matamål, der dei lærte å hermetisere og lage saft. «Dette var mine interesser. Kurset ga meirsmak, og eg prøvde meg heime på kjøkkenet. For å seie det kort: Det blei til at vi berre heldt fram med å lage dette, og selde produkta på julemesser og marknader. Her i frå berre balla det på seg!» fortel Veronica. Ho fekk midlertidig tillatelse frå Mattilsynet å ha prøveproduksjon på kjøkkenbenken heime før dei bygde seg eit nytt produksjonslokale på garden. No har dei vakse ut av dette, og drøymer om å kunne bygge eit større lokalet med tida.
(Artikkelen held fram under bilete)
Coop Nordvest
«Den første Coop Nordvest-butikken vi var på var Coop Prix på Sandane. Her solgte vi bringebærsaft» fortel Veronica. Ho fortel om eit godt samarbeid frå byrjinga av. «Det har vore veldig kjekt å vere med Coop Nordvest i utviklinga av lokalmat» fortel ho.
«Det beste med denne jobben er at du får lov til å drive med det du brenner for og det du synast er kjekt. Du kan skape noko med hendene og utvikle sjølv. Mannen min brenn for det her like mykje som meg. Hadde han ikkje gjort det, hadde det ikkje gått rundt. Foreldrene mine er mine næraste naboar, og dei hjelper mykje til!» avsluttar Veronica.