Bålpannemat i vinterkulda

bålpanne mat oppskrifter tips matlaging ute konkurranse

Samle familie og venar rundt bålpanna denne helga

Å samlast rundt eit bål som flakkar i vintermørket, med varme klede, god mat, og som Odd Nordstoga syng; varme hender mot kalde kinn – det skapar gode minner.   

Vi har tidlegare spurt våre lesarar kva dei lagar på bål eller bålpanne, og det har ikkje mangla kreativitet eller inspirasjon.

På bålpanna vil følgjarane våra steike både sveler, biff og aure. Ikkje samstundes, men til ulike anledningar. Innbakte pølser og pinnebrød med sukker og kanel. Ostesmørbrød, bakt fisk i folie saman med fargerike grønsaker, samt kotelettar av både svin og kje. Indrefilet av sjølvskoten hjort må ein ikkje gløyme, og til dessert kan ein slenge på både vaflar og Marshmallows! Popcorn til kakao og kokekaffi, og banan med smelta sjokolade på.
Nokre vil invitere til fullt kalas og lage ein heidundrande tre-retters med følgande meny: Pinnebrød med bacon til forrett, eigenkomponert pølsebiff til hovudrett og banansplitt. Pølsebiffen var for oss interessant, og den blir laga på følgande måte: Pølser delt på langs fylt med ost, løk og paprika, så surra med bacon. Pølsebiffen blir deretter pakka i folie og grilla på bålpanna. Banana blir også delt på langs og fylt med mjølkesjokolade og pakka i folie. Du verden! 

Blant dei mange gode kjøtforslaga kom det nokre smakfulle og freistande forslag til fisk på bålpanna: Vrengt lyr og elles det nokre kallar for havets skattekiste, som inneberer ein fest av fisk og skaldyr. 

Foto: Bente Semmingen Fivelsdal

Av sjølvskoten hjort kan ein og lage viltgryte og jegergryte (om det er skilnad på desse), og for dei som ikkje et korkje animalske produkt eller fisk, så er ein god urban vegan-burger heilt ypparleg! Alle variantar av snurre-mat, som kanelsnurrar og pizzasnurrar, kan ein også hive på bålpanna.
Til varmare tider kan det nok freiste med maiskolbe med smør og salt på, og skal ein gjere det særs enkelt kan ein omelett gjere susen for den som er på farta. 

Her er nokre oppskrifter frå vår samling:

Oppskrifter for bålpanna

Moglegheitene for å lage herleg bålpannemat er mange, så det er for deg berre å velje. Mykje anna godt å legge på bålpanna kan du finne i lokalmat-avdelingane i Coop Nordvest sine butikkar – og lokalmatoppskriftene, dei finn du her på våre sider.