Bakar Jon – NAVET for lokalmat

Bakar Jon på Byrkjelo har lenge vore fast stoppestad for mange vegfarande, takka vere vårt gode ry på bakevarer og eit stort utval av lokalmat.

Bakar Jon er eit bakeri, konditori, nettbutikk og spesialbutikk for lokalmat.

Eit handverksbakeri

Vårt bakeri har lange tradisjonar som blir vidareført i vår nye butikk. Vi sett deigane når vi kjem på jobb om natta, og jobbar med produkta samanhengande frå elting til omn utan å vere innom frys og kjøl. Brøda vert steikt mellom klokka fire og ti, og vegen frå deig til produkt tek om lag seks timar frå start til mål.

For mange høyrer eit brød-stopp på Byrkjelo for handel av brød, knekkebrød, kjeks eller kaker med når ein er på veg gjennom Breim. Vi håpar du tek ein stopp neste gong du kjem forbi!

Lokalmatspesialisten

I vår butikk finn du produkt frå over 100 lokale/regionale produsentar. Her er nokre av våre leverandørar:

  • Jordbær og bringebær frå Innvik
  • Heimelaga is frå Alm Gard, Feios
  • Øl frå Kinn Bryggeri, Florø
Besøk Bakar Jon på nett