Auka interesse for lokalmat- og drikke i Svelgen

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

Katrin Furset er lokalmatansvarleg på Coop Prix Svelgen, og her har ho jobba i 27 år, sidan det var Coop Marked. Furset har mykje erfaring om kva produkt som har gått opp gjennom åra, og det ho har merka seg er at lokalmat er mykje meir attraktivt i dag enn før.

«Vi kalla det ikkje lokalmatavdeling når vi byrja for fleire år sidan, men vi har jo alltid hatt produkt frå lokale produsentar i butikken. Det er dei seinare åra når vi har marknadsført meir for lokale produkt at kundane har merka seg det!» seier Furset. 

Gombe frå Fjellestad og Ringdal-produkt har vore i butikken i mange år utan at ein har kalla det for lokalmat, fortel Furset. Etter at dei opna ny butikk med heilt ny lokalmatavdeling, har dei fått inn endå større utval av lokale produkt frå produsentar som til dømes Haugen gardsmat, Påldtun, Ferske Smakar og Storfjord Iskrem. 

«Etter at vi byrja med eigen avdeling med lokal mat og drikke, der vi har nytta bilete, skilt og eigne skap og hyller for produkta, har kundane fatta meir interesse for det og dei gir uttrykk for at det er meir spanande. Vi hadde ikkje eit slikt fokus på dei lokale produkta tidlegare. Produkta låg litt her og der. Salet går særs godt no!» seier Furset. 

Det finnast mange favorittar i lokalmatavdelinga på Prix Svelgen, og Furset innrømmer at ho er særs glad i fiskeprodukta frå Hillersøy, og ho anbefaler det også på grillen.

«Grillmør frå Ringdal er også kjempegodt på grillen. Den er veldig god: Og endå meir kjøtfyldig enn `vanleg grillpølse`. Balholm sin fruktdrikke, som ser ut som ei champagneflaske, går også mykje no om sommaren!» avsluttar Furset.