7 gode grunnar til å gi lokalmat i julegåve

Vi veit jo korleis det er; tida mot høgtida krympar for kvar dag som går. Og julegåvene er ferdige. Eller kanskje ikkje? Lokalmat og regionale matopplevingar er ofte suksess i gåveform, og det finnast alternativ for dei aller fleste – sjølv dei som “har alt”. Her er 7 gode grunnar til å ta turen innom din nærmaste Coop Nordvest-butikk og spør gjerne etter tips til lokalmatjulegåvene!

1. Lokal og regional mat er kortreist. Det betyr at når du kjøper lokal mat og drikke så bruker du kjøpekrafta di til å støtte oppom lokale bønder og produsentar og deira levebrød.

2. Lokalmat er blant dei mest bærekraftige og miljøvenleg gåvene du kan gi. Den er ikkje berre kortreist, men fyller heller ikkje opp heimen med unødige gjenstandar.

3. Ei lokalmatvare treng ikkje koste all verda, og samstundes viser den omtanke og kjærleik.

4. Ei god lokalmatgåve lar dei du er glade i ta del i dei gode, lokale smaksopplevingane.

5. Lokalmat er lekkert – ta deg tid til å pakke inn pent, så har du ei eksklusiv gåve som vil glede kven som helst.

6. Den passer for dei aller fleste. Der er mykje variasjon blant lokalmatprodusentane, og ein finn både søtt og salt blant sortimentet. Det kan også vere greitt å ha ei ekstra julegåve liggande i bakhand om du skulle få ei uventa gåve frå nokon, slik har du alltid noko på lur som du kan gi tilbake.

7. Den kan delast med fleire. Og er det ikkje det vi ønsker å gjere i jula? Å dele med dei vi har rundt oss og å ha det fint i lag? Ein kan ikkje trå feil med noko godt i pakkane og på bordet.

Utvalet og dei gode tipsa til dei beste julegåvene finn du hos dei dyktige tilsette i Coop Nordvest sine butikkar – spør i din butikk!