Naturgjødsel og brenneslevatn

smaksglede-stolte-anton-coop-nordvest-artikkel

Vakre Eidsdal i Møre og Romsdal med sin flotte beliggenheit mellom dalar ved Storfjorden, like ved Geiranger, har fleire frukt- og bærhagar som bygdefolket opplevde ikkje blei stelt og ivaretatt. For Margreta Veiberg og dei andre innbyggjarane i Eidsdal var det trasig å sjå all denne frukta ligge og tåtne på bakken, uten å bli brukt til noke nyttig. Margreta sin fetter, Per Ove Nydal, var eigar av ein av desse hagane, og i fellesskap bestemte dei seg for å ta grep. 

Stolte Anton produserer gele, syltetøy, marmelade, chutney og hermetikk av naturleg dyrka frukt og bær. Dei nyttar ingen form for kunstgjødsel, berre naturgjødsel frå nabobøndene. Plomme er den viktigaste råvara deira i tillegg til bær frå dei gamle hagane i bygda. Konseptet er å nytte råvarer som ellles hadde gått til spille.

Til chutneyane dyrkar dei rødbetar, løk og kvitløk, og så gjødslar dei dette med naturgjødsel og brenneslevatn i løpet av sesongen.

Margreta og Per Ove steller og dyrkar alt sjøl. Dei såg potensialet i å utnytte alle ressursane i hagane.

“Det er ei stor glede å kunne bidra til bygdefolket, ved å skape ein ressurs av det som for mange var eit problemavfall.”

Bestefar Anton

Bestefar til søskenborna, Anton, var ein svært dyktig bonde. Det var han som eigde frukthagen Per Ove har overtatt og som dei no dyrkar i. Då søskenborna var små jobba dei mykje med stell og hausting i åkrar og hagar, frå tidleg vår til langt utover hausten.

“Han var ein dyktig gardbrukar, og dyrka mykje frukt. Han var tidleg ute med jordbær og grønsaker. Vi ønskjer å integrere namnet hans og gje han ein grunn til å vere stolt.”

 

Coop Nordvest frå dag éin

Coop Nordvest har vore inne i bilete heilt i frå starten av. Dei første utsalstadane var Coop Mega Molde og Bakar Jon på Byrkjelo. I dag kan du finne produkt frå Stolte Anton i heile 18 butikkar i Coop Nordvest! Smakfulle frukt- og grønsaksprodukt frå Stolte Anton kan du få i følgande Coop Nordvest-butikkar:

Bakar Jon, Byrkjelo

Mega Molde

Mega Ulsteinvik

Obs Moa

Extra Nordfjordeid

Extra Sunndalsøra

Extra Florø

Extra Elnesvåg

Extra Stryn

Extra Førde

Extra Gossen

Extra Hareid

Extra Volda

Extra Digernes

Prix Harøy

Prix Stordal

Prix Måndalen

Prix Midsund