Over 80 år med kjøtproduksjon på Sunnmøre

Lokalmat - Coop nordvest - lokale smaker - matkultur - norsk mat - lokal matprodusent - mattradisjoner - kortreist mat - kortreist drikke - miljøvennlig kverdagsmat - mathandverkar - smaksopplevingar

Ole Ringdal er ein travel kar, særleg no i høgsesong for spekemat. Vi er så heldig å få prate med han mellom bollebaking og planlegging av nye spekeprodukt! 

“Vår greie er at vi nyttar kun norsk råstoff, og det aller meste er frå lokale bønder på Sunnmøre og i Nordfjord.” 

Ringdal er ein lokal kjøtfabrikk som ligg i Hellesylt, der dei slaktar dyr og vidareforedlar kjøtprodukt sjølv, på “gamlemåten”. Dyra går i bratte og flotte fjellsider. Nokre sau og lam går heilt opp til 1500moh. 

“Dyra har det veldig fint i desse områda, og slik blir det godt kjøt av.” 

Ringdal har vore i drift i over 80 år, og dei meste av oppskriftene som er nytta i produksjon i dag har utgangspunkt frå byrjinga av. Metodane er også stort sett dei same, tilpassa dagens teknologi.

«Vi legg pålegg for hand, og pressar dei i former. Mange andre gjer det vel på ein meir snerten måte, men vi nyttar gamal håndverkstradisjon.» seier Ringdal.

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

To ryper i eitt skudd

Det byrja med bestefar, Ole Ringdal, på Ringdal fjellgard. Dei hadde geiter og sauer, dei slakta dyra sjølv og åt dei. Bestefar-Ringdal var veldig opptatt av jakt og fangst, der han skaut både rev, hare og rype. Det var vanskelege tider for alle på 40-talet, og ein måtte sørge for seg sjølve. Det var sopass trange kår at han forsøkte å få to ryper i eitt skudd når han var på jakt. Skinna frå rev blei salta og garva, deretter solgt vidare i distriktet. Frå han var veldig ung reiste han rundt på gardane til folk, tok med seg dyra og slakta dei nede i dei gamle slakterilokala ved Hellesyltfossen. Etterkvart lærte han seg å videreforedle kjøtet etter slakting.

Stort sortiment

Blant sortimentet til Ringdal kan du finne både spekeskinke, fenalår, pinnekjøt, ytre- og indrefilet, pålegg, mårpølse, bacon, fårikålkjøtt m.m. Det meste av pålegget blir lagt for hand, og krydder til blant anna ribberull og sylteflesk blandar dei sjølv. Ole Ringdal fortel at dei likar å vere innovative og prøvar alltid nye smakar. Han seier han likar å hente inspirasjon frå matprogram og utlandet. Dei følger mykje med på mattrender, og nyttar den informasjonen mykje. Det siste året har dei utvikla ein del nye spekepølser, der i blant raudvinspølse, chorizopølse og alpepølse. Alpepølsa har vore ein kjempefavoritt, og er heilt klart den beste pølsa, i følge kundane. «Den er veldig fin å ha med på tur i fjellet, og så smakar ho fantastisk godt på heimelaga pizza!» seier Ole Ringdal. Ringdal sine produkt er kjent for å ha høg kjøtprosent. Flaggskippølsa, grillmør, har heile 87% kjøt, og hakk i hæl kjem ringalmør med 86%.

Coop Nordvest

Forholdet med Coop går heilt tilbake til Coop Nord-Sunn. «Vi var nede på Hamnegata i Volda og hadde møte med sjefane der, og fekk ein avtale med Coop-butikkane i område. I dag er vi i alle butikkane til Coop Nordvest» seier Ole Ringdal. Han fortel vidare at det er takka vere Coop Nordvest at dei fekk eksponert produkta sine ut til ei mykje større kundeportefølje.

«Coop Nordvest er veldig flinke på lokal mat, og det er imponerande kva dei har gjort for oss produsentene, og at dei ser verdien i dette. Dei er utruleg dyktige til å bygge opp medarbeidarane sine. Vi leverandørane er på fleire samlingar i året, og der i fra reiser også vi motiverte og kunnskapsrike!»

Ved å gjere lokalmat tilgjengeleg, bidrar det ikkje berre til at produsentene kan jobbe med det dei elskar, men kundane får også god tilgang på norske råvarer og lokalt handverk, seier Ole Ringdal.