Mellom steinrøyser og bratte fjellsider

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

Ein særs glad og fornøgd Paul Nygård, dagleg leiar i Kandal Kjøt, svarar på telefonen når vi ringer for å slå av ein prat. Han takkar og verdsett at vi vil prate med han, men gir stafettpinnen vidare til kona, Jorun Beate, når det gjeld “PR og slikt”! Vi ringer til Jorun Beate og vidareformidlar kva Paul hadde sagt, og då svara ho: “.. ja, det sa han vel!” etterfulgt av ein sprudlande og herleg latter. 

Blant steinrøyser og bratte fjellsider 

Lengst inne i Kandalen, mellom bratte fjell og langs det langstrekte Breimsvatnet, kan du finne glade og fornøgde geiter med klatreglede. Det finnast ikkje ein betre plass for geiter å utfolde seg på enn inne i Kandalen. Geitene elskar å klatre, og i Kandalen finst det mykje steinurar og bratte fjellsider – derfor trivst ho særs godt her. 

Kandal Kjøt er ei familiebedrift med tre generasjonar, der alle bur på garden og alle er engasjert i produksjon. Blant Kandal Kjøt sitt sortiment kan du finne kvalitetsprodukt av geit og kje: Spekepølse, grillmat, pålegg og pølse. Sjølv om Kandal Kjøt er ein småskalabedrift, skal det ikkje stå på motivasjon for å utvide sortiment og rekkevidde/kundar. 

Dei har alltid laga produkt av geit på garden til eige bruk, men etterkvart som folk i bygda fekk smake på dette heimelaga produktet, var det mange som ville kjøpe! I 1997 var første gong dei produserte dampapølse og spekeplse til ein marknad, for å sjå om dette var noko dei kunne leve av. Etterspørselen auka og i 2004 vart produksjonen så stor at dei måtte ha eit eige foredlingslokale. Det er ein kreativ gjeng, og dei fann fort ut at dei kunne lage fleire ulike produkt av dette fantastiske kjøtet.

kandalkjøt - Lokalmat - Coop nordvest - lokale smaker - matkultur - norsk mat - lokal matprodusent - mattradisjoner - kortreist mat - kortreist drikke - miljøvennlig kverdagsmat - mathandverkar - smaksopplevingar

“Vi brenn for geitekjøt!”

“Det er veldig kjekt å bidra til at folk kan tenke nytt i matvegen og kva råvarer ein kan nytte.” seier Jorunn Beate.

Når dei har stått på stand tidlegare og delt ut smaksprøver, har dei fått kommentarar frå folk som: “Å! Det smakar jo ikkje geit!” Til dette veit dei ikkje kva dei skal svare, men dei opplever at folk har ein idè om at geit smakar stramt og at det vert assosiert  med ein bukk. Kandal Kjøt gjer derfor ein viktig jobb med å få geitekjøt ut til folket.

“Geitekjøttet er veldig mildt og fint. Tørr du å smake på det, får du ei heilt ny smaksoppleving!” seier Jorun Beate. 

Produkta er laga på tradisjonsoppskrifter som har gått gjennom fleire generasjonar på garden. Dei unike geite- og kjeprodukta inneheld korkje gluten eller melk. Innhaldet er reint, slik som på gamlemåten.

“Det tar tid og kjærleik å lage produkta, det er ekte handarbeid og du får smaken av tradisjon.” seier Jorun Beate. 


Kandal Kjøt samarbeider tett med dei lokale bedriftene i område under produksjon, og omtalar dei som kollegaer. Dei nyttar til dømes urter frå Høgt og Vilt og råvarer frå Gardsbrenneriet. Påldtun og Kandal Kjøt samarbeider ofte om gåvepakkar. Bakar Jon er første utsalgsstad for nye produkt.

“Vi nyttar dei mykje til idémyldring. Vert ikkje det nye produktet selt på Bakar Jon, klarar ingen andre å selje det heller!” seier Jorun Beate.

Coop Nordvest 

“Det var Geir Espe i Coop Vest som tok kontakt med oss.” Jorunn Beate fortel at dei på denne tida var heilt i startgropa, og produksjonskapasiteten var begrensa. I dag sel dei mesteparten av produkta sine gjennom butikkar, og det er stort sett i butikkane i Coop Nordvest.  

Arbeide heime i frå

Vi spør kva det beste med arbeidet deira er, og då svarar Jorun Beate følgande:

“Når folk seier at det smakar slik som bestemor lagde det, og at det smakar ekte kjøt! Og når nokon seier at det ikkje er jul utan julepølse eller pinnekjøt frå Kandal Kjøt.” 

Kandal Kjøt ønskar å formidle ein glømd ressurs, og få fram geit- og kjekjøt som eit godt produkt. Målet til bedrifta er å gjere kjøttproduktet av geit og kje kjent og tilgjengeleg for kundane, samtidig som dei kan foredle produktet heime på garden og ha det som eit levebrød. 

Produkt frå Kandal Kjøt kan du få i følgande Coop Nordvest-butikkar: 

Bakar Jon

Coop Marked Reed 

Coop Marked Vassenden

Coop Mega Førde

Coop Mega Molde 

Coop Mega Ulsteinvik

Coop Mega Volda 

Coop Prix Byrkjelo

Coop Prix Hornindal

Coop Prix Selje 

Extra Dale 

Extra Florø 

Extra Førde

Extra Naustdal 

Extra Nordfjordeid 

Extra Sandane

Extra Sogndal 

Extra Volda

Extra Orkanger Mega Førde

Mega Molde 

Mega Ulsteinvik

Mega Volda