Påldtun, Holli Mølle og Solundmat

3 lokale - tips til lokalmat - smaksglede

3 lokalmattips kvar veke

Velkomen til Smaksglede sin serie 3 Lokale, som kvar veke vil presentere 3 lokalmatskattar som du finn i alle eller utvalde Coop Nordvest-butikkar. Her er denne vekas smaksopplevingar.

Påldtun bringebærsyltetøy

Kvifor?

Fordi produkt utan kunstig tilsetjing er bra for oss, og fordi smaken av Påldtun sitt bringebærsyltetøy er søt og god. På Påldtungard i Gloppen er produkta basert på å legge minna frå barndomen opp i eit glas, og det har dei klart. Smaken av bringebærsyltetøy minner om bestemor sin hage, der vi plukka bringebær og lagde syltetøy av seinare. Smaken er like god som minna. 

Store havregryn frå Holli Mølle

 

Kvifor?

Store havregryn frå Holli Mølle inneheld mykje kostfiber og mettar godt. Ikkje nok med det, så er det økologisk. Tilsett store havregryn i baksten eller havregryn, som sørger for eit sunt og mettande måltid til frokost, matpakke eller etter trening. Kva med å prøve havregryn med bringebærsyltetøy frå Påldtun? 

Fenalår av villsau frå Solundmat

Kvifor?

Fenalår av villsau frå Solund mat har vunne gull i Nordnorsk mesterskap i mathandverk for sin eineståande smak! Villsauen trivst i Solund, med rikeleg variasjon i kost og terreng. På denne måten blir kjøttvarene gullvinnaren. 

Har du tips eller ynskjer om spesielle varer som bør inngå i serien 3 Lokale? Ta kontakt med Coop Nordvest Smaksglede på Facebook. Ha ein fin dag 🙂