Skitnesøndag og moderne tradisjonsmat


Skitnesøndag og moderne tradisjonsmat

For nokon er smalahove eit av årets kulinariske høgdepunkt. For andre noko som ikkje fristar i det heile. Men visste du at det er ein eigen dag som er tett knytt til denne tradisjonsrike retten?Skitnesøndag - Smaksglede.no

Skitnesøndag, svartsøndag, eller skoltesøndag som nokre seier, er tradisjonelt den siste søndagen før jul. Sjølv om det er søndag, er dette er dagen då ein skal rydde, vaske og pynte til jul. Frå gammalt av skulle det mykje til for at ein fekk lov til å arbeide på ein søndag, men denne dagen var det akseptert.
Orsaka til at dagen fekk namnet «skitnesøndag», kjem av at denne søndagen gjekk ein gjerne i slitne gamle klede eller arbeidsklede, slik at ein fekk spart finkleda til julehelga. Både hus, gard og klede skulle denne dagen ryddast og vaskast, og ein vart gjerne både skitten og sleten – og svolten. Medan ein jobba sto gjerne smalahovene på kok utover dagen, og var klare til arbeidet var gjennomført.

Smalahove

Smalahove har historisk vore rekna som kvardagsmat, men i nyare tid vert nytta som festmat og

hovudrett ved familiesamling og sjølvsagt denne siste søndagen før jul. Smalahove blir tradisjonelt spist frå september til desember, og skal ikkje etast etter skitnesøndag – då er skal julematen på bordet.

Solundmat, som har levert smalahover til Coop Nordvest frå Ytrøygrend i Solund i ei årrekke, ser at dette er ein rett som er på veg tilbake. Moderne tradisjonsmat blir meir og meir populært, og dette gjer det mogleg å vidareformidle matkulturen vår til nye generasjonar. Solundmat leverer heile 11 000 smalahover til butikkane i Coop Nordvest i år.

– Tradisjonelt er retten servert med potet og kålrabistappe, men ein kan og servere sur- og raudkål og anna tilbehør, seier Øyvind Lending hos Solundmat.

Du finn oppskrift på smalahove her.

Smalahove - Kampanje Coop Nordvest