COOP NORDVEST OG HAUGEN GARDSMAT PRESENTERER SOGNALAPSKAUS


COOP NORDVEST OG HAUGEN GARDSMAT PRESENTERER SOGNALAPSKAUS

Midt mellom bratte fjell, voldsomme fossar og smale daler, innerst i Aurlandsfjorden finn du Haugen Gard. Haugen Gardsmat er ei familiebedrift starta av ekteparet Odd og Kristine Ohnstad. Sjølv om dei ikkje lenger driv med sauebruk, starta dei bedrifta med utgangspunkt i gards- og sauebruket deira i Flåm. Slaktet handlar dei i frå dei mange dyktige kollegaene og vennane dei har i nærområdet. I tillegg til dette driv dei også med storfe og geitekje, rein og hjort. 

GUDGITTE FORHOLD

I skuggen av Jostedalsbreen, i eit tørt klima med veldig lite årsnedbør har Lærdal Grønt gudgitte forhold til produksjon av frukt, bær og grønt. Samstundes krev dei snøtunge høgfjella det meste av sommaren for å smelte vekk snøen som skjuler det første graset som er proppfullt av næringsstoffar og smak. Desse smakane pregar smaken av både sau og lam som beiter her, og gir kjøtfulle friske og sterke dyr.

Haugen Gardsmat

Ekstrem natur gir ekstreme kvalitetar.

SOGNALAPSKAUSEN

Dei seinare åra har det utvikla seg eit samarbeid med Lærdal Grønt, med eit ynskje om kompetanseheving, distribusjon og utnytting av lokale råvarer. Saman med Coop Nordvest utgjer dette samarbeidet: sognalapskausen.

Extra lanserte i 2018 “Kast Null”. Kast Null skal vere ein hjelper og gi deg tips til korleis du kan kaste mindre mat i kvardagen. På Coop sine nettsider fortel dei om dei forbausande mengdene mat nordmenn kaster. Statistikken frå Matvett.no visar dette:

  • 350 000 tonn spiseleg mat blir kasta kvart år i Norge
  • 20 milliardar kroner er verdien på maten som blir kasta kvart år
  • 42 kg mat kastar kvar av oss i snitt kvart år
  • Kvar 8. handlepose med mat går i søppelkassa
  • 13% av forbruket vårt på mat blir kasta
  • Brød, frukt og grønsaker og middagsrester er blant det me kaster aller mest

Alle frukt- og grøntprodusentar opplev store svinn av råvarer kvart år. Coop Nordvest vil saman med Lærdal Grønt og Haugen Gardsmat gjere ei endring. Sjølv om produkta ikkje har riktig form og storleik til sal i butikk, er det fortsett utmerkte råvarer som ikkje behøve å bli kasta.

Sognalapskaus

“Det fokuset me har på berekraft i vår tid gjer det uaktuelt å kaste førsteklasses mat.” seier Odd Ohnstad i Haugen Gardsmat.

Det er ikkje berre frukt- og grøntprodusentar som står ovafor ei utfordring når det kjem til matsvinn. Sau er ei heilt framifrå råvare dersom heile sauen blir nytta i slaktet. Dette har vore ein viktig faktor hos Haugen Gardsmat. Det er dette som er mattradisjonen i Sogn og Fjordane. Nettopp å nytte heile slaktet, og salta og røkt fårekjøt passar perfekt inn i lapskausen. Formålet med sognalapskausen er at det skal være eit tiltak som bidrar til å redusere matsvinn så mykje som mogleg.

Dei tre aktørane har derfor, i samspel med meisterkokken Steinar Lindstrøm frå kokkenes mesiterlag, utvikla ei lapskaus beståande av overskotkjøt av salta fårekjøt, skakke gulrøtter og poteter.

DU FINN SOGNALAPSKAUSEN I DESSE COOP NORDVEST-BUTIKKANE:

  • Extra Øvre Årdal
  • Extra Kaupanger
  • Extra Lærdal
  • Extra Sogndal

Inspirasjon og foto: Coop Nordvest og Haugen Gardsmat

Haugen Gardsmat

Coop Nordvest er stolt samarbeidspartner med Haugen Gardsmat AS