INDERØYMAT: DET BESTE FRA TRØNDERSK MATKULTUR


INDERØYMAT: DET BESTE FRA TRØNDERSK MATKULTUR

Inderøy Slakteri og Røra Bakeri er saman med Gangstad Gårdsysteri, Surf Kombucha, Inderøy Gårdsbryggeri og Inderøy Brenneri det vi kjenner som Inderøymat. Desse fem produsentane produserer og utviklar nye tradisjonsbaserte produkt – kvar for seg og i samspel med andre.

HISTORIA BAK INDERØY SLAKTERI

Da Jonas Pedersen kom til Inderøy frå Telemark og etablerte Inderøy Slakteri, satsa han på slakting, nedskjering og vidareforedling samstundes som Inderøysoddet.

Inderøysodd

Inderøy Slakteri AS vart etablert i 1938 av Jonas Pedersen. Med eit ynskje om å levere den best moglege smaksopplevinga, samarbeidde Jonas med lokale bygdekokkar, spesielt Signe Gullberg og Augusta Vist, for å foredle oppskriftene og kunnskapane. Dette la grunnlaget for produksjonen av Inderøysodd. Dei har sidan produksjonsstart vore oppteken av å nytte berre norske råvarer av ypparste kvalitet samt arbeidarar som veit korleis råvarene skal behandlast.

LOKALE MATTRADISJONAR

Sjølv om Inderøy Slakteri ikkje er eit slakteri har dei valt å behalde namnet for å vidareføre tradisjonane. Dei produserer spekemat, farseprodukt, kjøttkaker, karbonader og pølser, men Inderøysodd har alltid vært, og vil nok alltid være deira hovedprodukt.

Inderøy Slakteri AS er ein vital bedrift som produserer og leverer fleire produkt enn nokon gang!

FESTMAT

Soddoppskrifta er den samme i dag som den var for generasjoner siden – og den er ufravikelig.

Inderøysodden er festmat som blir brukt både ved gleder og sorg. Det er ein suppelegnande rett beståande av ei klar kjøttkraft med Inderøy Slakteri si hemmelege krydderblanding, terningar av storfe- og fårekjøtt og deira særeigne kjøttbollar. Sodd serverast saman med det tradisjonelle bakverket: skjenning.

Det eksisterer skriftleg dokumentasjon på produksjon av skjenning frå ca. 250 år tilbake.Inderøysodd

«Neste gong du kjøper Inderøysodd, kjøper du ikkje berre ein matrett. Du kjøper eit måltid rikt på bygdakokkehistorie frå Inn-Trøndelag!»

OPPSTARTEN AV RØRA BAKERI

Etter fleire dytt i frå Ståle Gausen ved Inderøy Slakteri vart Røra Bakeri AS etablert av Hallvard Neergård i 1993. Sunnan lefsefabrikk som er forløparen til Røra Bakeri, vart drive av familiemedlemmar på morssida til Hallvard, la inn årane på midten av 80-talet. Dei kunne sjå at etterspurnaden av skjenning vart berre større og større, samstundes som skjenningbakarane ga seg ein etter ein – noko måtte gjeres. 

Hallvard Neergård og kona Grete stifta aksjeselskapet Røra Bakeri i 1993 saman med søskenbarn Odd Gunnar Moe, og heldt produksjonen på heimgarden året etter. No er det sonen Frode som har teke over produksjonen.

MASKINAR MED MJUKE BEVEGELSAR

Frå 6 kg på første produksjonsdag til 25 tonn i løpet av eit år har dei hatt ei voldsom utvikling, men det har ikkje vore lett. Det overordna målet til Røra Bakeri var å få maskinane til å bevege seg så tilnærma likt som handbevegelsar. Skjenningdeiga er vanskeleg å jobbe med da den består av potet og havremjøl, og så og si ikkje heng saman eingong. Skjenningen skal være ei 0,7 millimeter tynn og jamn leiv som skal smørast, steikast og deretter skjærast i perfekte trekantar. 

–   Skjenning kjem i frå uttrykket «å skinne» og er eit trekanta og løvtynt flatbrød pensla med nysilt mjøl og sukker på den eine sida.

Røra Bakeri produserer samstundes det vanlege flatbrødet. Dei nytta ei oppskrift I frå Hallvard sin svigerfar som på si tid jobba som bakar. Det blir produsert omkring 8 tonn flatbrød i året.

Røra Bakeri - flatbrød og skjenning

ÆRESBEIVSNING OG BESKYTTET OPPRINNELSESBETGENELSE

I 2018 vart Røra Bakeri kåra til årets bakst i kåringa Det Norske Måltid og i 2006 fekk skjenningen «Beskytta opprinnelsesbetegnelse». Beskytta opprinnelsesbetegnelse inneber at skjenningen må bli laga etter gamle oppskrifter, akkurat slik den vart laga i «gamle dagar». På denne måten unngår dei at det kjem «dårleg» skjenning ut på marknaden.

UTVALDE PRODUKT FRÅ INDERØYMAT FINN DU HOS:

  • Coop Extra Sandane
  • Coop Extra Eide
  • Coop Prix Bud
  • Coop Prix Gossen
  • Coop Marked Harøy
  • Coop Prix Tustna
  • Coop Prix Sjøholt
  • Coop Prix Måndalen
  • Coop Marked Vikebukt
  • Coop Extra Vatneeidet
  • Coop Marked Stordal
  • Coop Extra Eidsvåg
  • Coop Extra Tingvoll
  • Coop Mega Molde
  • Coop Marked Søvik
  • Coop Extra Bruhagen
  • Coop Mega Ulstein
  • Coop Marked Fiskå
  • Coop Prix Selje
  • Coop Marked Nybø
  • Coop Extra Rindal
  • Coop Marked Stokkøy
  • Coop Prix Lensvik Byggmix
  • Coop Extra Bjugn
  • Coop Extra Børsa
  • Coop Extra Fannrem
  • Coop Extra Løkken
  • Coop Extra Kyrksæterøra
  • Coop Extra Berkåk
  • Coop Prix Aure
  • Coop Extra Sistranda
  • Coop Mega Orkanger
  • Coop Extra Surnadal
  • Coop Mega Kristiansund
  • Coop Extra Vestnes
  • Coop Extra Førde
  • Coop Extra Elnesvågen
  • Coop Extra Volda
  • Coop Extra Sogndal
  • Coop Extra Øvre Årdal
  • Coop Extra Sunndalsøra
  • Coop Extra Åndalsnes
  • Coop Extra Stryn
  • Coop Extra Nordfjordeid
  • Coop Extra Kaupanger
  • Coop Marked Vistdal
  • Coop Extra Digernes

Vi kjem med fleire historiar om spennande produsentar og deira produkt, så følg med på Smaksglede sine sider. 

Inspirasjon og foto: Inderøymat

LES OGSÅ: RØROSRIEN: ARVESØLVET I NORSK NATUR – EIN SMAK AV EVIGHEIT

InderøymatCoop Nordvest er stolt samarbeidspartner med Inderøymat