RØROSREIN: ARVESØLVET I NORSK NATUR – EIN SMAK AV EVIGHEIT


RØROSREIN: ARVESØLVET I NORSK NATUR – EIN SMAK AV EVIGHEIT

I Hedmark og sør i Trøndelag finn du reinbeiteområder som strekker seg frå Meråkerdalføret i nord til Engerdal i sør. Her driv to sørsamiske familiar reindrift med fokus på reinsdyrkjøtt av høg kvalitet, samt formidling av samisk mat og kultur.

Rørosrein har utmerka seg fleire gonger:

  • Vinnar av kategorien Årets kjøttråvare, i Det Norske Måltid i 2017,
    med Rørosviddas Perle og i 2013 med Flatbiff av Reinsdyrkalv.
  • I 2016 blei Rørosrein AS kåra til Årets Reinkjøtt-formidlar av
    landbruks- og matdepartementet
  • Fekk Bygdeutviklingsprisen for Sør-Trøndelag 2017.
  • Dei har og vore i finalen med Ytrefilet av Reinsdyrkalv i 2015 og 2017.

 

MED FOKUS PÅ DET TRADISJONELLE

Rørosrein utnyttar alle delar av reinen, slik som forfedrane alltid har gjort det – matproduksjon, kle, sko og anna forråd. Ved bruk av eigne nedskjæringslokaler, som finn sted på familiens gard, gir dette moglegheit til å kvalitetssikre råvarene og foredlinga.


SAMISK TRADISJON

For dei som ynskjer råvarer til dei tradisjonelle samiske rettane levera Rørosrein kraftbein, kok-kjøtt, margbein, skank og tunge. Ellers består sortimentet av filètar, steik, reinsdyrskav, tørka og røykt kjøtt, spekepølser og pinnekjøtt.

Med sommarbeite på høgfjell med tilgang til kalkrike, grøne urter og sopp, og vinterbeite med mykje lav, gjer at reinkjøttet inneheld store mengder vitamin og jern, samstundes som det har lågare feittprosent enn andre husdyr i landbruket.


UTVALDE PRODUKT FRÅ RØROSREIN FINN DU HOS:

  • Coop Mega Molde
  • Coop Mega Orkanger
  • Coop Mega Kristiansund
  • Coop Extra Surnadal

Foto og inspirasjon: Rørosmat og Rørosrein

LES OGSÅ: RØROSKJØTT: EIN EKTE VERDISKAPAR

Rørosmat

Coop Nordvest er stolt samarbeidspartner med Rørosmat