Påskekampanje på lokale egg frå Døskeland Bruk!


Påskekampanje på lokale egg frå Døskeland Bruk!

Snart er det påske! Den tida på året då Nordmenn knekker 21 millioner egg. Frå 8. til 20.april har Coop Nordvest kampanje på brett med 20 egg frå frittgåande høner frå Døskeland Bruk i utvalde Coop Nordvest-butikkar. Liste over butikkane det gjeld finn du nederst i artikkelen.

DØSKELAND EGG ER Bra for miljøet og smaken

Døskeland Bruk som held til på Sande i Sunnfjord og er blant dei siste lokale eggprodusentane i Indre Sunnfjord. Dei leverer kortreiste egg frå frittgåande høner som er så ferske som egga kan vere utan at ein har eigne høner og kan plukke sine eigne egg. Hos Døskeland Bruk pakkar dei nemleg egga sjølv før dei blir levert ut til Coop Nordvest sine butikkar. Det vil seie at egga er berre 1-2 dagar gamle når dei kjem ut i butikkane våre.

Den korte reisetida tel positivt både for miljøet og for smaken, fortel produsent Ole Rune Døskeland:

Ved å unngå lang lagringstid og frakt bevarer ein smaken til egga og i tillegg har dei då eit mindre klimaavtrykk.

Dei store egga har solgul plomme og kjem til vanleg i ein 10 pk, samt brett med 20 egg i utvalde butikkar. 

Bretta har slått kjempebra an, og salet har i grunn gått over all forventning. Dei vert ofte fort utselde slik at vi må levere meir enn planlagt. Men det er berre kjekt at egga har blitt så godt mottatt, smiler Døskeland.

Denne påska gjentek vi suksessen med kampanje på brett med 20 egg frå Døskeland Bruk. Om du ikkje allereie har prøvd dei, så håper vi at du gjer det og får ei riktig solgul påske! 

Tilbodet gjeld 8. til 20. april i FølgJande butikkar: