Galåvolden Gård: Eldsjel for lokal mat med prisvinnande ost og is


Galåvolden Gård: Eldsjel for lokal mat med prisvinnande ost og is

På Galåvolden Gård, 720 meter over havet og 8 km sørvest for Røros sentrum, foredlar Gunn Brønnum og Ingulf Galåen, og sonen Lars Jacob og samboar Anita Rennemo, råvarer av egg, mjølk, storfekjøtt og hønsekjøtt til mange spennande produkt.

Mange av desse finn du i utvalde av Coop Nordvest sine butikkar. Blant det store utvalget vårt av lokal mat har vi mellom anna Galåvolden Gård sine ferske egg, deira prisvinnande ostar og is. Alle råvarene i produkta er sporbare og det dei lagar er av ekte handtverkskvalitet med djupe røtter.

Kort om Galåvolden Gård

Galåvolden Gård har røtter tilbake til 1700-talet, og Ingulf og Lars Jacob Galåen er 9. og 10. generasjon som driv garden. Til saman er dei åtte personar som er sysselsette på garden.

Ingulf er kjend som ei aktiv eldsjeld med eit stort engasjement for lokal mat. Han har mellom anna mottatt Ingrid Espelid Hovig sin matkulturpris og Kongen sin fortjenestemedalje for sitt arbeid med lokalmat.

På Trøndersk Matfestival 2014 ble Galåvolden Gård kåra til Årets lokalmatprodusent i Midt-Norge, og RørosOst Vellagret Kvitost til beste ost uansett klasse. Fleire av ostane deira har medalje fra NM, og RørosOst med urter og RørosOst med røkt reinskjøtt er tildelt Bronsemedalje i World Cheese Awards. RørosIs er kåra til best i test i DN, har Gullmedalje og flere Sølvmedaljer fra NM og har vært finalister i Det Norske Måltid heile fire år på rad.

Utvalde produkt frå Galåvolden Gård hos Coop Nordvest

Gårdsegg frå Galåen

Gårdsegg frå Galåen er produsert av frittgående høner som har blitt fora med reint vegetabilsk for med ekstra mykje mais. Det gir egga ei ekstra gul, smakfull og delikat plomme. På garden sorterar, kvalitetskontrollerer og pakkar dei egga med det same dei har blitt verpa, og leverer direkte til butikk. Slik er egga så ferske som mogleg. Egga kjem som 10pk L, 6pk M og 6pk XL.

Gårdsegga gjer seg ypparleg heilt enkelt som kokte egg til frukost eller i kaker og bakst. Prøv dei saman med di favorittoppskrift eller med denne oppskrifta her på Djevelegg frå Galåvolden Gård. 

Vakkert og smakfullt på eit tapas- eller koldtbord.

RørosOst

Av dei populære RørosOstane til Galåvolden Gård har vi RørosOst kvitost og RørosOst med tørka reinsdyrkjøtt. Begge er godkjent som Norsk Spesialitet og laga av pasteurisert kumelk fra Galåen Samdrift. Ostane kjem som normallagra i 3 – 6 måneder, som vellagra i minimum 1 år og som ekstra vellagra  i minimum 2 år.

Godt og enkelt som pålegg eller lekkert dandert på ein ostetallerken! Gjerne saman med Fjellblå frå Eggen Gardysteri og havrekjeks

RørosIs

Galåvolden Gård produserar ekte gourmet-is med masse eggeplommer, eiga mjølk, økologisk fløyte og tjukkmjølk fra Rørosmeieriet, og med ein handverksmessig produksjon er det ein is å glede seg til. Butikkane har eit utval med ulike smakar av tjukkmjølksiser, fløteiser og sorbeer fra Galåvolden.

 

Rørosmajones, Majones med ramslauk og majones med einebær

Frå Galåvolden Gård har vi også Rørosmajones med ulike smakskombinasjonar laga av ferske gardsegg. Eit topp alternativ når du vil ha heimelaga majones utan å lage den sjølv.

Produkta frå Galåvolden Gård finn du hos: 

  • Coop Mega Molde
  • Coop Mega Orkanger
  • Coop Mega Kristiansund
  • Extra Surnadal

I tillegg leverer Rørosmat lokale produkt frå fleire andre spennande lokalmatprodusentar til utvalde Coop Nordvest-butikkar. Dei kommande vekene vil vi presentere fleire av desse produsentane og produkta deira på Smaksglede, så følg med.

Foto og inspirasjon: Rørosmat

Les også: Eggen Gardsysteri ost i verdsklasse

Rørosmat
Coop Nordvest er stolt samarbeidspartnar med Rørosmat