Vaffeldagen: 25. mars


Vaffeldagen: 25. mars

Mandag 25. mars er vaffeldagen og vi feirar ei av dei eldste kakene våre med ei oppskrift frå Kari Støfringsdal​ og Åse Kongsvik si kokebok Fjordamat på tørre vaflar og ei lita historie:

Åse Kongsvik fortel at vaffeljernet var i bruk allereie på 1700-talet, og først med eit langt skaft for å halde det inne i varmen i grua. Ein kunne laga vaflar om ein hadde berre byggmjøl og vatn, og vaflar vart tidleg nytta som gjestemat som ein kunne ty til om ein fekk uventa besøk.

Dei harde eller tørre vaflane hadde den fordelen at dei heldt seg lenge i ein boks, og var svært praktisk i ei tid utan kjøleskap og frysar. Slik kunne ein alltid ha noko godt på lur. Nokre vart baka ut, andre sette i jernet med skei. Rause mengder sukker og smør måtte til, og ei slik kake gjer seg godt til ettermiddagskaffien med litt brunost på også i dag. Eller kvifor ikkje prøve dei til sommardesserten med iskrem?

Nokre stader i Sogn vart dei harde vaflane kalla «underdøler». Vi veit ikkje kva dette namnet er meint å fortelja om kakene eller folk frå Underdal, men noko negativt kan det iallfall ikkje vere, seier Åse.

Desse småkakene formeleg smeltar på tunga.

Oppskrift: Tørre vaflar 

FJORDAMAT

Fjordamat av Åse Kongsvik og Kari Støfring er kokeboka for alle med interesse for mat og matskikkar på Vestlandet. Boka 

byggjer på oppskrifter samla inn av Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag og inneheld over 340 tradisjonelle oppskrifter. Boka kan du kjøpe i følgjande Coop Nordvest-butikkar:

Extra​ Florø
Extra​ Førde
Extra​ Naustdal
Extra​ Sogndal
Coop Marked​ Askvoll
Coop Marked​ Brekke
Coop Marked Vassenden
Coop Prix​ Selje