Eggen Gardsysteri: Ost i verdsklasse


Eggen Gardsysteri: Ost i verdsklasse

Foto: Eggen Gardsysteri

Den norske osten har den siste tida fått mykje merksemd for å hevde seg internasjonalt, og ost frå Eggen Gardsysteri er inget unntak. Osten deira Fjellblå fekk mellom anna gullmedalje i kategorien “blåmuggost” under OsteVM i London 2017, og under Trøndersk Matfestival i 2010 blei osten også heidra og fekk god omtale frå fagjuryen. Med den internasjonale matjournalisten Rosmary Rundle på laget, hadde fagjuryen følgjande å seie om osten: “Mykje smak, men framleis mjuk – og god balanse i osten. Denne blåmuggosten er eksepsjonell ved at den har dybde og smak. Den vil vere perfekt til matlaging, men samstundes smake godt aleine på ein ostetallerken.”

Ostetallerken, havrekjeks og mandelpoteter med fjellblå

Og om du vil lage til ein ordentleg lekker ostetallerken har Eggen Gardsysteri fleire ostar av høg kvalitet som du kan velje mellom hos Coop Nordvest. Sjå dei alle her og la deg inspirere:

Osten til Eggen Gardysteri får du kjøpe i utvalde Coop Nordvest-butikkar (sjå liste nederst i artikkelen). Rørosmat, som leverer osten til våre butikkar, anbefaler å prøve Fjellblå saman med desse herlege oppskriftene:

Oppskrift | Lokalmat
Norsk ost | Lokalmat
Foto: Rørosmat

Kort om Eggen Gardsysteri

Garden Eggen ligger i fjellbygda Vingelen i Tolga kommune, ca. 700 meter over havet. Garden er ein gamal slektsgard fra 1700-talet og har vore i familien sitt eige sidan. Eggen Gardysteri vart starta av Liv Bjørnstad og Ola Eggen i 2001, og vert i dag drive av sønnen Marius og sambuaren hans Lotte.

Dei produserer ost av økologisk mjølk i eige gardsysteri. Mjølka kjem frå garden sine eigne kyr, samt nabogardane. Om sommaren er kyrne på setra og beiter på frodig fjellbeite. Setra ligg opp mot Nonsvola ca. 900 m.o.h. og i randsona av Forollhogna Nasjonalpark. Mjølka fraktast då ned til garden, ein til to ganger i uka, til foredling. Kort transport av mjølk bidreg til den gode kvaliteten.

Rørosmat leverer ost frå Eggen Gardsysteri til følgjande Coop Nordvest-butikkar: 

  • Coop Mega Molde
  • Coop Mega Orkanger
  • Coop Mega Kristiansund
  • Extra Surnadal

I tillegg leverer Rørosmat lokale produkt frå fleire andre spennande lokalmatprodusentar til utvalde Coop Nordvest-butikkar. Dei kommande vekene vil vi presentere fleire av desse produsentane og produkta deira på Smaksglede, så følg med.

Rørosmat
Coop Nordvest er stolt samarbeidspartnar med Rørosmat