Flatbrød frå Mosbøen Gård


Flatbrød frå Mosbøen Gård

Gamle oppskrifter som Åse Torsvik fann på mørkeloftet vart starten på handverksbakeriet på Mosbøen Gård, ein gammal slektsgard i Øksendal i Sunndal kommune på Nordmøre. Oppskriftene låg igjen etter mannen til Åse si oldemor, og Åse bestemte seg for å ta opp igjen den lange tradisjonen med bakst på garden.

– I gamle dagar kom omreisande bakstekjerringar å samla seg i bakstekjelleren på garden for å bake flatbørd og annan bakst etter eigne oppskrifter, fortel Åse

LOKALMAT | SMAKSGLEDE - COOP NORDVEST

I dag er det ho som har blåst nytt liv i tradisjonen ved å setje sitt eige preg på flatbrøda.

– Vi var blant dei første som begynte å eksperimentere med urter og krydder i flatbrød, og alle flatbrøda våre er laga for hand frå start til slutt.

Flatbrøda til Mosbøen Gård kjem i smakane rosmarin/havsalt, ramsløk/havsalt, chili/havsalt, dill/havsalt, naturell og karve. Flatbrøda med rosmarin/havsalt og ramsløk/havsalt har fått Spesialitet-merke som vert tildelt den beste lokalmaten ein finn her til lands, og flatbrød med ramsløk/havsalt vart også kåra til årets produkt på OI Trøndersk Matfestival i 2016.

– Flatbrøda våre er av det eksklusive slaget og er prikken over i’en på eit godt måltid, smiler Åse.

Ho anbefaler å prøve dei til tapas og spekemat, viltgryte, bacalao og ei god og varm fiskesuppe.

Flatbrøda til Mosbøen Gård får du kjøpe hos:

  • Extra Sunndalsøra
  • Extra Surnadal
  • Coop Mega Molde
LOKALMAT | SMAKSGLEDE - COOP NORDVEST
LOKALMAT | OPPSKRIFTER
LOKALMAT | OPPSKRIFTER