Kampanje på lokale egg frå Døskeland Bruk


Kampanje på lokale egg frå Døskeland Bruk

Blant lokalmatprodusentane våre finn du Døskeland Bruk som held til på Sande i Sunnfjord og er blant dei siste lokale eggprodusentane i Indre Sunnfjord. Døskeland Bruk leverer kortreiste egg frå frittgåande høner som er så ferske som egga kan vere utan at ein har eigne høner og kan plukke sine eigne egg. Hos Døskeland bruk pakkar dei nemleg egga sjølv før dei blir levert ut til Coop Nordvest sine butikkar. Det vil seie at egga er berre 1-2 dagar gamle når dei kjem ut i butikkane våre.

Bra for miljøet og smaken

Den korte reisetida tel positivt både for miljøet og for smaken, fortel produsent Ole Rune Døskeland:

– Ved å unngå lang lagringstid og frakt bevarer ein smaken til egga og i tillegg har dei då eit mindre klimaavtrykk.

Dei store egga har solgul plomme og kjem til vanleg i ein 10 pk, samt brett med 20 egg i utvalde Coop Nordvest-butikkar. 

Bretta har slått kjempebra an, og salet har i grunn gått over all forventning. Dei vert ofte fort utselde slik at vi må levere meir enn planlagt. Men det er berre kjekt at egga har blitt så godt mottatt, smiler Døskeland.

Frå 4. til 16. februar er det kampanje på lokale egg frå Døskeland i utvalde Coop Nordvest-butikkar.

Her finn du Døskeland Egg

Bakar Jon, Extra Dale, Extra Førde og Extra Førdegården, Extra Naustdal, Extra Florø, Extra Høyanger, Extra Kaupanger, Extra Sogndal, Extra Lærdal, Extra Øvre Årdal, Prix Hermansverk, Prix Gaupne, Prix Sogndal, Prix Svelgen, Marked Askvoll, Marked Florø, Marked Vassenden, Marked Vadheim, Marked Balestrand og Mega Førde