– Vi vert alltid veldig glade når folk kjem til oss og seier at dei har opplevd sild på nytt


– Vi vert alltid veldig glade når folk kjem til oss og seier at dei har opplevd sild på nytt

I Juvika på øya Gossen har søskena Hanne Cecilie og Jon Ragnvald Sporsheim, tredje generasjon sildetilverkarar, starta eit moderne sildeeventyr. Med god hjelp frå ein ivrig gjeng med ektefellar, born, besteforeldre og venner vil dei gi folk eit nytt syn på kulturskatten sild.

– Som familie har vi alltid følt ei sterk tilknyting til Juvika. For oss er det staden kor alle generasjonane har vakse opp. Vår tilknyting til Juvika gir også mykje følelsar og kjærleik som vi tek med inn i produksjonen. Ein vert rett og slett oppteken av noko bra og noko godt, fortel Hanne Cecilie.

Det var bestefaren deira, Ragnvald Sporsheim, som starta med sild og sildetilverking i Juvika i 1928. Fram til 60-tallet gjekk det mest i spekesild, men sidan vart det også kryddersild. Etterpå tok far deira over fabrikken, og under det tidlegare merkenamnet Møresild sende dei sild til store deler av Norge og til utlandet.

–  Vi har vakse opp med sild frå vi var små, og for oss har silda alltid stått fram som noko magisk, ein sølvskimrande skatt som berre venta på å bli oppdaga, smiler Hanne Cecilie.

Lidenskap for sild

I ungdomsåra var sesongmottak av sildefangst og sildearbeid på brygga fast. Noko av det mest spennande dei gjorde var å få lov til å være med inn på krydderloftet.

–   Her lukta det himmelsk, og vi fekk høyre spennande historier om krydder som kom heilt frå India, smiler ho.

Før dei tok fart på eventyret igjen hadde bror hennar, Jon Ragnvald, ein god og trygg jobb offshore, men han drøymde alltid om å ta steget og endeleg starte opp igjen med sild. Sjølv hadde ho budd mange år i Oslo, men ho ville vere med å satse og valde å vende tilbake til barndomsøya. Basert på gamle oppskrifter og ein generøs dose nytenking vart Juviksild ein realitet, og i dag er dei ein liten aktør med stor lidenskap for god sild.

–   Utfordringa med salta sild har ofte vore at den har ein del bein og at den krev utvatning i mange timar før den kan nytast. Vi tenkte at sild må fortsette som tradisjon, men at den må fornyast for å passe inn på det moderne kjøkkenet.

Lokalmat | Smaksglede
Jon Ragnvald syrgjer for at sildefiletane får den rette krydderbalansen. Foto: Øyvind Try Leine

Kreative og spennande sildebord

Produkta frå Juviksild som du finn i utvalde Coop Nordvest-butikkar (sjå liste nedst i artikkelen) er sildefiletar som er søte og spiseklare, og matjessildfilet etter hollandsk tradisjon.

Lokalmat | Smaksglede
Søt og spiseklar sild kan bli til mange kreative og spennande innslag på menyen. Foto: Øyvind Try Leiner

– Vi er spesielt opptekne av å utvikle god smak og rett tekstur. For å få frem den gode sildesmaken, er sildefiletane modna gjennom fleire unike prosessar. Vi jobbar blant anna mykje med å få optimal balanse mellom søtt og salt, og ei korrekt modna kryddersild skal lukte friskt, og ha ein god harmoni mellom krydderduft og hav, forklarar ho.

Juviksild si originale kryddersild er kjenneteikna av ein velkjend nellik-aroma, medan kryddersild med chili eller ingefær har ein grunntone av krydder, men med ein spiss av noko litt sterkare.

– Vi meinar at god sild skal tilfredsstille den femte smakssansen, umami, og ein skal få lyst på en bit til. Og når du tar ein bit sild, så skal den ha rett tekstur, den skal gi litt tyggemotstand.

Eit breiare krydderregister gjer til at filetane deira kan brukast til mykje meir enn middag og heimelaga sild innlagt på glas. Sildefiletane let seg enkelt kombinere med mange andre smaker og kan brukast både som tapas, til kanapear, i wrap eller som rein snacks, til dømes til øl eller akevitt. Sildefiletane kan kombinerast med kremar og frukt, eller med honning, sylta raudløk og sushi. Søt og spiseklar sild gjer sildeborda endå meir kreative og spennande.

Tradisjonsmat på nytt

–   Det unike med våre produkt ligg ikkje berre i smaken, men i at dei også er spiseklare og kan nytast rett frå pakken. Filetane treng ikkje ligge i vatn i inntil eitt døgn før ein kan ete dei. Med ein pakke Juviksild i kjøleskapet, har du alltid velsmakande sild tilgjengeleg, tipsar Hanne Cecilie.

Draumen til Juviksild er at fleire skal oppleve gleda og enkelheita ved god norsk sild, og at både urbane og tradisjonelle ganar skal oppdage denne tradisjonsmaten på nytt.

– Vi vert alltid veldig glade når folk kjem til oss og seier at dei har opplevd sild på nytt etter å ha prøvd eit av våre produkt, seier Hanne Cecilie stolt og gir oss eit døme.

– Ein eldre kar, velkjend med sild, sa at han aldri hadde smakt kryddersild med honning og ost før: «Tenk at det går an! Luksus altså!»

La deg inspirere du også med desse oppskriftene frå Juviksild:

Lokalmat | Smaksglede
Juviksild sine sildefileter er søte og spiseklare. Dei kjem som både spekesildfilet, kryddersildfilet og kryddersildfileter med eit hint av chili og av ingefær. I tillegg har dei også frossen matjessildfilet etter hollandsk tradisjon.

I desse Coop Nordvest-butikkane finn du Juviksild

Bakar Jon

Marked Barstadvik
Marked Batnfjord
Marked Bådalen
Marked Hellesylt
Marked Hornindal
Marked Kvamsøy
Marked Moltustranda
Marked Sandsøy
Marked Syvde
Marked Søvik
Marked Tjørvåg
Marked Vegsund
Marked Ålvundeid

Mega Bekkevoll
Mega Kristiansund
Mega Molde
Mega Ulsteinvik
Mega Volda

Prix Farstad
Prix Gossen
Prix Midsund
Prix Selje
Prix Svelgen
Prix Volda

Extra Brattvåg
Extra Digernes

Extra Elnesvågen
Extra Fosnavåg
Extra Hareid
Extra Kristiansund
Extra Nordfjordeid
Extra Stryn
Extra Sunndalsøra
Extra Vatneeidet
Extra Volda

Obs Stormoa