Reportasje: Bulandet, havet og fisken


Reportasje: Bulandet, havet og fisken

Langt ute i havgapet ligg Bulandet. Etter ein time med ferja frå Askvoll kjem du til Værlandet og den gjenkjennelege Alden. Herifrå må du krysse uendelege mange bruer før du kjem fram til Bulandet. Øygruppa består av om lag 350 øyer, og det bur rundt 260 bulendingar her ute. Alle knytt saman av havet og fisken.

Norge sitt Venezia, kallar Jostein Hillersøy det. Det ligg lågt, og fleire gongar i året kjem vatnet opp og inn i dei rake sjøbuene, som Bulandet er kalla opp etter. Dei er levande bevis på kor viktig fisket har vore, og framleis er her ute.

Jostein er den fjerde generasjonen i sin familie som fiskar. Oldefaren hans var los og fiskarbonde. Bestefaren var fiskar, og faren hans er fiskar. Det er ei næring som har hjelpt Bulandet å bestå.

– Heile samfunnet her er bygd opp rundt fisket. Og eg har tatt med meg arven min, men det har vore viktig å fornye og utvikle oss. Besteforeldra våre hadde mindre båtar og måtte jobbe hardt. No er vi ute på havet 4–5 månader i året, men eg kan knapt hugse at far min var heime når eg vaks opp. Det var tronge kår og harde tider, fortel han.

  

Jostein som liten
FISK PÅ KROKEN: Tidleg krøkast om god krok skal bli. Jostein viser stolt fram fangsten.

DSC_3432

GENERASJONSFISKARAR: Jostein Hillersøy (t.v) har gått i forfedra og far Tore Hillersøy (t.h) sine fotspor.

Fisket før og no

Far til Jostein, Tore Hillersøy, er framleis med på fiske og hugsar godt kor tungt det var i gamle dagar.

– Vi hadde eit kast på 16 tonn makrell ein gong, og vi sat der og nærmast plukka ein og ein makrell oppi korger og løfta korgene opp over hovudet med berre nevane. Vi budde fire mann på ein liten lugar, og om vi var heldige fekk vi vaske oss ein gong i veka. Det er andre tider no, seier han.

Medan mange store fiskebåtar i dag trålar etter fisk, held Jostein og mannskapet hans fram med å fiske med not, og fisken som er pakka i bufi-eskene frå Bulandet er fiska med line eller not.

Å fiske med not og line skader miljøet vesentleg mindre enn trålfiske. Trålfiske brukar mellom anna tre gonger så mykje olje per kilo filet. Ikkje berre er det meir forureinande og kan gje mykje unødig fangst, men dei må også fiske meir for å tene opp alt forbruket av drivstoff, understrekar Jostein.

Bygda som redda næringa

Til foredling av fisken får Hillersøy mellom anna kyndig hjelp frå Noreg sin vestlegaste fiskeforedlingsfabrikk, Bulandet Fiskeindustri. Fabrikken opna i 1997, i ei tid då fiskenæringa på Bulandet var nær ved å gå under. Ei samla bygd, med i alt 130 aksjonærar, gjekk inn med pengar i den nye fabrikken som skulle vere med å halde liv i næringa og lokalsamfunnet.

Inne på fabrikken har dei også pusta liv i kunsten å fryse og pakke fisk. Ein kunnskap som heldt på å gå tapt då det på 1990-talet blei populært med porsjonspakka fisk og mange produsentar byrja å sende fisken til andre land som Kina for pakking.

– Etter kvart blei det vanskeleg å konkurrere. Frå Kina høyrde vi om uforklarleg høgt utbytte og mistenkte at det blei nytta tilsetjingsstoffer for å auke utbyttet. Produkta som kom tilbake frå Kina var av varierande kvalitet. Når fisken blir sendt rundt halve jorda før den endar opp på middagsbordet ditt kan du ikkje vite kor den har vore og kva som har skjedd i kjeda, fortel Per Arild Tysse, som er dagleg leiar ved Bulandet Fiskeindustri.

Hillersøy Fisk på Bulandet | Coop Vest Smaksglede
Per Arild Tysse, dagleg leiar Bulandet Fiskeindustri.

Slik er det ikkje med fisken som blir produsert i deira fabrikk. 

– Vi har gjennom fleire forskningsprosjekt funne den beste produksjonsmetoden som sikrar den beste kvaliteten. Vi satsar alt på å få så god kvalitet som mogleg, og vi kan vise heile ruta fisken har gått, frå hav til bord. I fleire år har vi jobba for å få BRC-sertifikat som vi fekk godkjent i fjor, seier han.

BRC Global Standard for Food Safety er ein global standard retta mot matvareprodusentar og leverandørar som skal sikre hygiene, tryggleik og kvalitet, samt total sporing av produktet.

 

Frå havet til butikken

– Når du kjøper fisk frå Hillersøy kan du vere sikker på at den er norsk, den er berekraftig forvalta (MSC godkjent), og den er foredla og pakka i Norge. Fisken blir filetert, sjekka for bein, pakka og frosen ned til minus 30 grader, og alt skjer på få timar, forsikrar Jostein.

Deretter går den vidare til Spesialgrossisten Nordvest som leverer den til din nærmaste Coop Nordvest-butikk. Januar er tradisjonelt sett den store fiskemånaden og denne månaden er det kampanje på utvalde produkt frå Hillersøy Fisk i alle Coop Nordvest-butikkar. 

Vi er heilt avhengig av å selje fisk og det er svært vanskeleg å komme inn på marknaden. Difor har Coop Nordvest si satsing på lokalmat vore svært viktig for oss bulendingar. Vi er ein god gjeng som fiskar her, i tillegg er det 30 årsverk på mottaket, og under sesongen er det opptil 40 som jobbar her. Eg hadde ikkje hatt nubbesjanse, eg, om det ikkje hadde vore for at dei drar oss opp og fram. Eksponeringa vi får hos Coop Nordvest er veldig viktig for oss, seier Hillersøy.

Les meir:

Lokalmat: Hillersøy Fisk