Lokalmat: Fisk frå Hillersøy


Lokalmat: Fisk frå Hillersøy
Om du ynskjer ein sunn start på det nye året etter etegilde i jula er januar rette tida for å ete meir fisk. Coop Nordvest startar difor 2019 med kampanje på kortreist fisk frå Hillersøy som er rik på sentrale næringsstoff som gjer godt for kroppen.

Fisken til Hillersøy blir dratt opp med not like utanfor Bulandet og lagt på is rett etter fangst slik at den held på dei ferske kvalitetane. Dei fiskar også ved Lofoten og i Barentshavet.

Hillersøy sender ikkje fisken sin til utlandet for å få den reinska og pakka, men gjer det lokalt hos Bulandet Fiskeindustri og andre lokale leverandørar i Norge. Det kostar nokre kroner meir, men det er det verdt då det er med på å oppretthalde lokale arbeidsplassar og kvalitetssikre heile løpet til fisken frå hav til butikk.

Fisk som er lett å tine

Fisken frå Hillersøy er filetert og vakuumpakka slik at den er lett å tine. Den treng berre 5-6 minutt i kaldt vatn før den er klar for tillaging.

Dermed treng du ikkje planlegge middagen og tine fisken kvelden før. Du kan like så godt ta ein spontan fiskemiddag når du føler for det, tipsar Jostein Hillersøy, som er fjerde generasjon fiskar.

Fisk i eit sunnare kosthald

Langs den norske kysten har fisk vore levebrød og kvardagskost i lang tid. Før var det ikkje uvanleg at fleire av måltida i løpet av ei veke bestod av fisk.

Bestefar min grua seg alltid til søndag for då blei det servert kjøtt. Han åt fisk 6 dagar i veka, fortel Jostein.

I dag et vi meir kjøtt enn fisk, og dette ynskjer Jostein å gjere noko med. Litt som ein eigen lokal variant av Jamie Oliver (om Jamie var fiskar eller Jostein kokk vel å merke), engasjerer han seg for at dei unge skal ha eit sunnare kosthald. Han har mellom anna samarbeida med elevane på Restaurant- og Matfag på Øyrane vidaregåande skule i Førde for å utvikle ulike fiskerettar saman med dei i håp om at det skal få ungdommen til å ete meir fisk.

Mange unge treng rettleiing for å lage sunn mat og då er det naturleg med meir fisk på menyen.

– Eg flytta sjølv på hybel når eg var 15 år og veit at mat som er hurtig å lage blir mykje brukt. Seietaco, fiskegrateng, stekt torsk eller kokt torsk lagar du kjappare enn du steikjer ein Grandiosa. Fisk er både sunt og kjapt å lage, du må berre finne din favoritt, rår han.

Nye fiskefavorittar på menyen

– Med fleire ulike typar fisk på menyen, kan du skape variasjon som gjer det spennande å ete fisk oftare, seier Jostein.

Blant Hillersøy sine produkt frå Bulandet kan du velje mellom lettsalta torsk, torsk naturell, sei og lettsalta brosme (1,5 kg fryst), og fiskekaker 400 g og fiskegrateng 580 g.

– For ein sunnare variant av fredagstacoen kan du byte ut kjøttdeig med seibitar. Det blir fort til ein ny favoritt både blant unge og vaksne.

Jostein håpar du vil eksperimentere meir med fisk i januar og finn nye fiskefavorittar.