Reportasje: Jul hos Bakar Jon


Reportasje: Jul hos Bakar Jon

Utanfor Bakar Jon på Byrkjelo skinn månen i nattemørket, og inne på bakeriet er bakerimedhjelpar Anita Helgheim godt i gang med å elte deiga som skal bli til herlege julebrød med rosiner og sukat.

Ein skulle gjerne tru at dei bakar julebrød fordi det er høgtida for det, men sanninga er at hos Bakar Jon lagar dei julebrød heile året fordi kundane spør etter det om dei ikkje finn det i brødhylla. Den einaste forskjellen for julebrødbaksten i desember samanlikna med resten av året er at dei lagar mykje meir av det, og at nokon av julebrøda er utan sukat.

Den dagen vi er innom på besøk skal dei lage 11 brett med julebrød. 

– Jo nærmare vi kjem julaftan jo meir aukar vi produksjonen. Til slutt vil vi vere oppe i ca. 50-60 brett med berre julebrød slik at dei som vil kan få ferske julebrød til frukosten sin på julaftan, fortel bakar Hilde Fjellestad.

Anita legg deiga ned på langbordet framfor Hilde og bakerimedhjelpar Åse Aamot Evebø. Der skal den få kvile i 10-15 minutt før dei rullar brøda ut og let dei heve seg inne i “rasken”, raskeskapet, ein times tid.

Hemmelegheita ligg i å la deiga kvile så mykje som mogleg slik at gjæra får gjere sitt. Då får ein fine og luftige brød, røper Hilde.

 

Oppskrift: Bakar Jon sitt julebrød 

 

Handverksbakeri på Byrkjelo

Det var onkelen til far til Bakar Jon som først starta handverksbakeriet med dagligvarehandel på Byrkjelo i 1919. Brorsonen Torbjørn Myklebust tok over bedrifta i 1949 og førte den vidare til sonen Jon i 1983. Litt etter litt begynte Bakar Jon også å selje gardsmat frå butikken sin, og i 2013 blei bakeriet og butikken sjølve navet i Coop Vest si lokalmatsatsing på Vestlandet. I dag er butikken eigd av Coop Vest, og inne på bakeriet er det bakar Hilde som vidarefører tradisjonane til Bakar Jon. Ho gjekk sjølv i lære hos Bakar Jon og har jobba på bakeriet i 13 år.

– Julebaksten i år er den 13. som eg er med på, men sjølv har eg ikkje satt ei gjærdeig heime på 13 år, humrar ho.

Medan det har blitt færre bakarar som jobbar på nattetid etter kvart som det har blitt fleire industribakeri, bakar dei framleis på natta hos Bakar Jon.

– Det er ikkje alltid like lett å stå opp midt på natta. Du må legge om livsstilen din og går glipp av mykje av det sosiale på kvelden, innrømmer Hilde.

Trass det trivst ho godt i yrket.

– Vi er heldigvis så små at vi kan vere kreative og gjere mykje av arbeidet på gamlemåten der vi får bruke henda våre så mykje som mogeleg. Vi tek oss tid til det. Kva skal ein elles med fagbrev om ein ikkje gjer det på denne måten?, spør Hilde med eit smil.

 

Oppskrifter med lange tradisjonar

Litt hjelp må dei likevel ha frå eit par maskiner. Inne på bakeriet har dei mellom anna ei eltemaskin, ei kjevlemaskin og ei bollemaskin som gjer jobben litt lettare. Vanleg bakst går som planlagt i tillegg til julebaksten, og dei skal lage både rosinbollar, sjokoladebollar, rundstykke og mykje anna i løpet av nattevakta.

– Vi kan ikkje kutte ut noko av det vi lagar til vanleg, sjølv om vi no lagar julebrød og julekaker. Det har faktisk aldri skjedd i bakeriet si historie at vi har tatt noko ut av sortimentet vårt. Mykje av det vi bakar er frå oppskrifter som har vore med oss sidan far til Bakar Jon og Bakar Jon si tid. I tillegg til nyare oppskrifter. Om vi ikkje hadde fått litt ekstra hjelp i frå maskinene, så måtte vi ha starta nattevakta mykje tidlegare enn kl. 3, fortel Hilde.

 Reportasje Bakar Jon. Smaksglede Coop Vest.

Kort veg frå bakeri til lokalmat butikk

I motsetning til industribakeria brukar dei heller ikkje kunstige tilsetjingsstoff i deigane hos Bakar Jon. Dei lagar heller noko som heiter nattehev for å gi hevingsprosessen eit løft. Varene frå Bakar Jon skal ein med andre ord nyte når dei er ferske. Rett etter at dei har komme ut frå omnen.

Når julebrøda er ferdig stekte tek Åse bretta ut av omnen og Anita trillar dei inn i butikken. Berre ei dør skil bakeriet frå lokalmat utsalet hos Bakar Jon som no luktar av varm jul, kardemomme og gjærbakst. Butikken har blitt pynta til jul med nissar og julelys, og ved inngangen står det ei stor utstilling med lokal sjokolade frå Lysefjorden, Geiranger og Sognefjord Sjokolade.

Når vi først starta med lokalmat hos Bakar Jon var det ikkje alltid like enkelt å finne lokale produsentar, men no viser det rike utvalet av lokal julemat aleine kor mykje som har skjedd dei siste åra, seier administrerande vise direktør for Coop Nordvest, Geir Espe.

 

Juleshopping hjå Bakar Jon

Det meste av varene hos Bakar Jon kjem frå lokale bønder og produsentar på Vestlandet og mange av dei held til “rett ned i vegen,” som til dømes Kandal Kjøtt som leverer spekemat, julepølse, pinnekjøtt og ribbe av kje og geit. Bakar Jon har også julepølse frå Jevnlid Garden, og ein økologisk variant frå Vikja, lutefisk frå Solund, Barstavika og Stadtlandet, pinnekjøtt av villsau frå Solundmat, økologisk pinnekjøtt av lam frå Vikja og “huset sitt utvalde” pinnekjøtt og tørka svineribbe frå Ringdal. Sistnemnde får ein også servert på juletallerken i kafeen kvar søndag før jul.

– Det som er spesielt i år er at eg har vore med å valt ut og laga pinnekjøttet frå Ringdal. Det var utruleg spennande og lærerikt å vere med på den prosessen, fortel lokalmatansvarleg Magne Hauge.

Les også: Magne og Bakar Jon gjer seg klare til jul

Med så mykje spennande utval kan ein kombinere juleshopping med ein lokal matbit, og om du treng hjelp til å finne julegåver kan Bakar Jon også hjelpe deg med det.

God mat gleder dei aller fleste. Ikkje berre som kos i juletida, men også som julegåve. Om du vil ha hjelp til å sette samen ei fin julegåve med lokale bakeverk og flotte lokalmatprodukt, så er det berre å ta kontakt med oss på Bakar Jon, avsluttar Magne.

 

Kontakt Bakar Jon

Få julegåvetips frå Bakar Jon ved å ringe 578 67 993 eller sende ein e-post til bakar.jon@coop.no.