Oppskrift: Bakar Jon sitt julebrød


Oppskrift: Bakar Jon sitt julebrød

Sjølv om julebrød høyrer jula til er julebrødet til Bakar Jon så populært at dei lagar det heile året. Denne jula her deler Bakar Jon oppskrifta med deg slik at du også kan prøve deg på dette herlege julebrødet. Og om du ikkje har tid til å bake det sjølv, men er så heldig at du skal innom Bakar Jon før jul så har dei opent til og med vesle julafta. 

 

Ingrediensar:

10 g salt

450 g sukker

400 g smelta melange

200 g gjær

80 g mjølkepulver

2 egg

0,5 ss kardemomme

Ca. 1 kg mjøl

1 liter vatn

 

300 g sukat

300 g rosiner

1 egg

 

Framgangsmåte:

Bland saman alle ingrediensane (utanom rosiner, sukat og 1 egg) med 1 liter temperert vatn (ca. 40 grader). For ekstra luftige brød tilsett 1 kilo med nattehev.  

Sjå oppskrift for nattehev her.

Elt deiga i maskin i ca. 15 minutt eller om du gjer det for hand til deiga slepp bordet.

Rosiner, sukat og 1 egg blandar du inn mot slutten av eltinga. Tilsett meir mjøl etter behov, men ver obs på at deiga skal vere litt klissete heller enn for tørr slik at den er elastisk og god å jobbe med.

I tillegg til nattehev ligg hemmelegheita i å gi deiga nok tid til å kvile. La deiga ligge på bordet i 10 – 15 min før du deler deiga i 4 (ca. 750 g kvar) og bakar ut brøda.

Deretter let du julebrøda heve ein time på brett før du set dei inn i omnen.

Steik midt i omnen på 200 grader i ca. 18 min til brøda er fine og gyllenbrune.

 

Påleggstips: Ekte geitos frå Undredal og Påldtun sitt bringebær syltetøy er godt som pålegg på julebrød. Desse får du kjøpe hos Bakar Jon og i utvalde Coop Extra butikkar på Vestlandet. Høyr med din nærmaste Coop Extra-butikk for lokale påleggstips for litt ekstra kos i jula.