– Her vil ein finne det lokale og nære


– Her vil ein finne det lokale og nære

STOPPEFFEKT: – Her stoppar folk opp, smiler butikksjef Øyvind Akerø. Her saman med Cesilie Nakken frå Spesialgrossisten Nordvest i den nye lokalmatavdelinga.

Torsdag førre veke opna Extra Digernes til ei kjempemottaking på Digerneset utanfor Moa. Butikken er den første Extra-butikken med lokalmatavdeling i Nordre Sunnmøre i det nye Coop Nordvest.

– Vi har fått ein veldig god respons og opninga var over all forventning, seier ein nøgd butikksjef Øyvind Akerø og legg til:

Vi hadde langt fleire besøkjande enn kva vi hadde rekna med, og lokalmatavdelinga hadde ein klar stoppeffekt for her var det mykje spennande å sjå og smake på.

Som den første Extra-butikken med ei eiga avdeling for lokal mat og drikke nord for Hareide var det klart at mange var nyfikne på kva ein kunne finne der. Fleire av Coop Nordvest sine lokalmatprodusentar gjorde stas på opninga med stand og smakebitar. Ferske Smakar og Signes Raspeball hadde tatt turen heilt frå Førde, og Hillersøy Fisk, Longvafisk og Ringdal var også med på opningsfesten. Ringdalsmør var ein stor slager blant kundane, og Ole Ringdal selde over 1400 pakkar i løpet av opningshelga.

– Eg er veldig imponert over engasjementet til Coop Nordvest og den nye avdelinga her på Digerneset. Det har vore ei utruleg god stemning og jamt med folk heile helga, fortel Ole.

Ei levande Lokalmatavdeling

Og det er slik butikksjef Øyvind ser for seg lokalmatavdelinga i butikken: med liv og røre, ein møteplass mellom produsentar og kundar.

– Vi vil ha eit stort fokus på demo og smakebitar i butikk for vi vil at dette skal vere ei levande avdeling. Her vil ein finne det lokale og nære, det kjende og kjære, samt unike nisjeprodukt, lovar han.

Å satse på lokalmat og lokale arbeidsplassar har lege tidlegare Coop Vest sitt hjartet nært og er noko dei tek med seg vidare inn i det nye Coop Nordvest.

– Vi famnar no om eit endå større område enn før, frå Lærdal i sør til Stokkøya i nord. I sør er lokalmaten godt forankra i butikk, medan vi i nord no har ein kjempespennande jobb framfor oss med å byggje nye lokalmatavdelingar og nå ut til endå fleire lokale produsentar. Extra Digernes er berre den første i rekkja, seier ein spent Geir Espe, vise adm. direktør i Coop Nordvest.

Å skape ein eigen salskanal for lokal og regional mat er ein viktig del av Coop Nordvest si lokalmatsatsing. Slik får lokalmaten sin plass som kvardagsmat, så vel som til fest, og eigne avdelingar i butikk bidreg til eit større og jamnare volum året rundt. Dette skapar forutsigbarheit og auka produksjon av lokalprodusert mat, som igjen bidreg til fleire arbeidsplassar i distrikta.

Ynskjer fleire lokale produsentar

Den siste tida har både butikksjef Øyvind, marknadssjef Ronny Sørbotten, tilsette på Extra Digernes og Cesilie Nakken frå Spesialgrossisten Nordvest stått på for å byggje opp den nye lokalmatavdelinga.

– Det er enormt stort at satsinga på lokalmat no spreier seg til denne sida av fjorden. Coop Vest har gjort ein formidabel jobb med dette konseptet i mange år og det er utruleg spennande at dette no vert utvida i det nye Coop Nordvest, seier Cesilie Nakken.

Spesialgrossisten si rolle er å vere brubyggjar mellom produsent og dagligvaren, og Cesilie er stolt representant for fleire av produsentane som er å finne i hyllene på Digerneset.

 At satsingsområde no vert større betyr utruleg mykje for produsentane og vil vere med å skape fleire lokale arbeidsplassar. Vi synest det er kjempegøy å vere med på dette, og ikkje minst meiningsfullt og givande på same tid.

Den nye avdelinga har to felt med eit rikhaldig utval av lokale drikkevarer, der ein finn både Brænne saft og vinnaren av Matprisen «Årets produsent» Balholm. No håpar Cesilie og Øyvind at mange vil ta turen innom den nye butikken for å sjå kva meir som gøymer seg i hyllene og frysediskane.

– Vi vil også nytte anledninga til å nå ut til fleire lokale produsentar i den nye regionen. Her er plass til fleire, så ta kontakt!, oppfordrar dei.