Preben er den første lærlingen vår på ni år


Preben er den første lærlingen vår på ni år

Hjå Bakar Jon: F.v. lærling Preben Vinda og bakar Hilde Fjellestad.

For første gong på ni år har Bakar Jon fått ein ny lærling: Preben Vinda (21) frå Førde. Preben begynte i stillinga som lærling hos Bakar Jon på Byrkjelo i oktober og fortel at han allereie trivst veldig godt blant søte kaker, kjeks og bakverk.

– Eg har alltid vore glad i å lage mat, og spesielt kaker. Etter kvart har eg blitt meir og meir glad i å bake, men eg er her mest på grunn av søtsakene, spøkjer Preben.

Preben har studert Restaurant- og matfag og Kokk- og servitørfag ved Øyrane vidaregåande skule i Førde. Etter fullført studie tok han fagbrev som konditor hos Naustdal Dampbakeri, og no er det fagbrevet som bakar som står for tur.

 Sikra lærlingplass på eige initiativ

– Det er utruleg kjekt at vi endeleg har fått på plass ein bakarlærling, seier bakar Hilde Fjellestad.

Ho fortel at dei lengje har hatt eit ønske om å få inn ein lærling på det lokale handverksbakeriet på Byrkjelo. Det passa difor perfekt at Preben møtte opp på eige initiativ for å spørje om jobb.

– Vi var så heldige at moglegheita datt rett i fanget på oss, smiler Hilde og legg til:

Vi opplev at det er færre og færre som vel bakar som yrke, så difor er det ekstra viktig for oss å vere med å bidra til å utdanne fleire bakarar.

Sist dei hadde lærlingar hos Bakar Jon minnast Hilde at dei var ein 3-4 stykk.

– Sidan då ser det ut til at interesse for yrket har dabba av, og det er utruleg synd å sjå at alle bakar-linjene i fylket vårt har blitt lagt ned. Kvifor vi har denne nedgangen veit eg ikkje for jobbmoglegheiter trur eg det er nok av. Kanskje arbeidstida kan ha noko med det å gjere? seier ho spørjande.

Preben fortel at han trivst som bakar og vil satse på det som yrke i framtida.

Framtidig bakar

Preben meiner at arbeidstida derimot er ein fordel for han sin del. Han har ikkje noko imot å starte arbeidsdagen kl. 3 om natta, for så å vere ferdig på jobb tidlegare på dagen enn han ville ha vore i ein vanleg ni til fire-jobb.

– Eg likar også at eg alltid har noko nytt å lære i dette yrket. Det er veldig spennande, seier han engasjert.

Då vi spør han om kva han håper å gjere når han er ferdig med lærlingtida si, svarar han bestemt:

– Då håpar eg å jobbe som bakar.

– Det er godt å høyre, svarar Hilde.

– For dette er eit yrke vi vil halde liv i, og då treng vi unge folk som Preben.

Meir frå Bakar Jon:

Bakar Jon | Smaksglede